Hopp til hovedinnhold

Nordsjøfartmuseet i Telavåg

Den 30. april 1942 blei det vesle kystsamfunnet Telavåg på Sotra jamna med jorda, ei av dei mest grufulle hendingane i norsk krigshistorie.

  • J. Lillebø / Stiftelsen Museum Vest

Bli med inn

Nordsjøfartmuseet i Telavåg viser historia om Telavågtragedien og nordsjøfarten under andre verdskrigen. Her får du sjå sjeldne gjenstandar og autentiske bilete. Ein kan i tillegg oppleve skiftande utstillingar med fokus på krig- og fredsproblematikk.

  • Silje Katrine Robinson / Stiftelsn Museum vest

Motstandskampen som enda i tragedie

Fram til 1942 var Telavåg eit lite og ukjent fiskarsamfunn ytst ved kysten. Her fanst modige innbyggjarar og sjøfolk som var vande med havet. Telavåg var med andre ord ei perfekt stad for den illegale båttrafikken mellom Noreg og Storbritannia under andre verdskrigen.

Ein aprildag i 1942 kom to agentar over frå Storbritannia til Telavåg. Her vart dei haldne i skjul av lokale bygdefolk. Ein angjevar fekk snusen i dette og varsla Gestapo. Då dei kom til Telavåg vart det kamp. Den eine av dei norske agentane og to Gestapo-offiserar vart drepne. 

Nokre dagar seinare tok den tyske okkupasjonsmakta ei fæl hemn. Kvart einaste hus, uthus og naust vart sprengd og brent ned. Kvinner, barn og eldre vart først internerte på Storetveit i Bergen, og seinare på Framnes i Hardanger. Alle mennene mellom 16 og 60 år vart sende i tyske konsentrasjonsleirar. Nær halvparten av dei kom aldri heim att.  

Dette tilrår vi

Gjennom museumsfilmen Telavågtragedien kan du bli enda betre kjend med historia til Telavåg. Museet er òg ein minnestad for dei falne frå Telavåg. Ved hjelp av appen Telavåg 1942 kan ein bli guida rundt til dei historiske stadene i området. Appen er på norsk og engelsk. 

Det er fint å kombinera eit museumsbesøk med ein gåtur Kva med guida tur i dei vakre Nordsjøløypene? I museumsbutikken finn du litteratur, og eit flott utval av lokalproduserte gåver og suvenirar.

I kafeen er det nydeleg utsikt til havet og den gjenreiste Telavågbygda. På fine dagar kan vi freiste med ein stor terrasse. Til dagleg kan du kjøpe nysteikte lappar og kaker. Grupper som bestillar på førehand kan tinge eit større utval av mat. 

Museet har auditorium og møterom og er dermed også eigna for konferansar, seminar, møte, konsertar osv. 

Museet er universelt utforma.  

Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 2