Hopp til hovedinnhold

Nordsjøløypa til Glesvær

Frå Nordsjøfartmuseet går Nordsjøløypa sørover gjennom utmarka, til den gamle handelsplassen Glesvær. Her ligg Glesvær kafé i bygga til den gamle handelsstasjonen. Her kan ein få servert god sjømat heile året. A pro pos sjømat. Den løyndomsfulle fisken Sildekonge har fått namn frå Glesvær. I 1765 og 1769 vart det funne to døde eksemplar av fisken, som flaut i land på Glesvær. Naturvitaren Peter Ascanius satt i gong med å beskrive dei, og registrerte arten som Regalecus glesne i 1772.

Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 2