Represaliar

Den 30. april vart dei to tyske offiserane som vart drepne i Telavåg,  gravlagde i Bergen. Samstundes vart  mennene, mellom 16 og 60 år,som var igjen i bygda arresterte og samla i løa til Laurits Telle.

Då gravferda var over, kom Rikskommissær Terboven og andre høgareståande tyske offiserar til Telavåg. Mennene vart no henta og førde ned mot kaien. Rett før dei kom til kaien måtte dei arresterte mennene oppom Hauganeset, her måtte dei sjå at tre av husa i bygda vart sprengde.  Dei tre husa var husa til dei tre menna som hadde hjelpt agentane. Tyskarane hadde altså funne ut kven kontaktpersonane var. Likevel valde dei å straffe heile bygda kollektivt. Dette gjer nazistane si framferd i Telavåg til ei terrorhandling ein ikkje såg maken til i Noreg under okkupasjonstida.

Dagen etter at mennene var blitt sendte i tysk fangenskap, vart alle som var igjen i bygda også arresterte også sendte vekk. Då kvinner, barn og eldre var skipa ut starta øydeleggjinga av bygda. Alle hus vart sprengde eller brende. Også brunnar og kaier vart øydelagde.

30. april vart også 18 englandsfararar avretta på Trandum som represalie for dei tyske tapa i Telavåg. Dei hadde blitt tatt då dei forsøkte å flykte over Nordsjøen i jan/feb 1942. I oktober1943  vart også den eldste sonen til Matha og Laurits Telle, Lars Telle og den overlevande Linge-agenten, Emil Hvaal avretta. Opprullingane som følgje av at tyskarane oppdaga motstandsarbeidet i Telavåg vart omfattande. Store delar av motstandsrørsla i Sør-Noreg vart ramma. Mange vart arresterte og mange måtte rømme landet.