Ull frå Shetland og Noreg.

Ull er ei gudegåve! Det blir ulldag i Telavåg. Samhandling mellom Shetland og Vest-Noreg gjennom utveksling av kunnskap og tradisjon om ull, strikking og å byggja nettverk.

 

 

 

 

 

 

 

 

Foredrag ved Garry Jamieson, Shetland og Karin Flatøy Svarstad. Demonstrasjon av spinning, Fair Islesstrikk, lacestrikk og bruk av strikkebelter. Marknad med "ulne" ting for sal.

Kl 14.00. Gåveoverrekking til museet av den personlege dagboka til ein mann som var på Shetland under 2. verdskrigen. Familien ynskjer å gje dagboka i gåve til museet, og ein representant frå familien vil også lesa frå boka.