Krigsstrikk

Nordsjøfartmuseet inviterer til strikkekafe og foredrag  tirsdag 18. november kl. 19.00. Strikking har vore eit viktig handverk i Noreg sidan middelalderen. I krisetider har det vore avgjerande å kunne produsere varme og formålstenelege klede. Soleis fekk også strikkinga eit oppsving under krigen. I mange land oppmoda mellom anna Raudekrossen kvinnene på heimefronten om delta i kampen ved å strikke naudsynte klede til soldatane ved fronten. Dette og mykje anna kan du høyre meir om når Sølvi Vik, konservator i Museum Vest held foredrag kl. 19.30. Ta gjerne med deg strikketøy, og gode vener