OPE ALLE HELGEDAGAR I PÅSKA 12-17

 

 

I påskehelga kan du laga papirbåtar som du kan henge opp på utstilling i museet eller ta med deg heim. Du kan delta i familieoppgåver som du finn svar på i museet sine utstillingar. Alle får premiar.

 

 

Om været fristar til uteaktivitetar er museet utgangspunkt for ulike turar i merka løyper.

  • Løypa  til stadar  som spelte ei rolle i 1942 kan ein gå  med applikasjonen Virtuell Telavåg

  • Løypa til Glesvær er ein lengre tur på to til tre timar.

  • Løypa til nokre gamle sjøbuer som er opne for publikum er  kortare. Tur retur 90 minutt.

Alle turane krev  fottøy for vått terreng. Naturopplevingane er storslagne i Telavåg der det er  sjø på nær sagt alle kantar.

På museet serverar museumsvertane nysteikte lappar med rømme og syltetøy. Kaker eller varm toast. Kaffi, te og mineralvatn. Ynskjer du middagservering er Glesvær kafé 10 min. køyretur frå museet.

Ta turen til Telavåg 40 minutt frå Bergen sentrum.