Pensjonistkafe i Telavåg

Første onsdag i månaden frå kl 13 - 15.

Etter ein skikkeleg Telavågsumar har hausten meldt seg. Men kafeen i Nordsjøfartmuseet held alltid ein behageleg temperatur. Der kan ein sitte bak store vindauge og sjå haustveret herje øver vågen, medan ein nyt ein varm kopp kaffi og noko å bite i. Alle er velkomne til museet for å treffast rundt kafeborda.