Fotoutstilling

Fotograf Ann Iren Nyborg har fotografert Fjell festning frå kanskje uvanlege vinklar.

Fjell festning har i 75 år vore utsett for vind og vær. Elementa har påverka betongen og stålet og gitt nye former og fargar. I Kanonbrønnen kan du i haust sjå nokre av desse uttrykka.