Frigjeringsdagen, 8. mai

Frigjeringsdagen blir markert på Nordsjøfartmuseet med nedlegging av krans på minnestøtta i Telavåg, konsert med Sund Blandakor og føredrag om Organisasjon Todt i museet.

I samarbeid med Senioruniversitetet har Nordsjøfartmuseet invitert historikar Torgeir Ekerholt Sæveraas frå NTNU for å snakke om Organisasjon Todt sitt virke i Noreg under den andre verdskrigen. Organisasjon Todt (OT) var den tyske krigsmaktas største entreprenør. Den var involvert i enorme prosjekter over heile Europa. Spora etter denne verksemda er framleis tydelege langs heile Atlanterhavskysten. Og her på Sotra.

Her på vestlandet var OT mellom anna ansvarleg for bygginga av Fjell festning. Ein nytta seg av ein rekkje forskjellige typar arbeidskraft. I Noreg vart politiske fangar og krigsfangar nytta til tvangsarbeid, men ein nytta og normale arbeidskontraktar med norske arbeidarar og mange, norske firma var leverandørar til tyskaranes festningsanlegg. 

Tittelen på føredraget er "Organisation Todt og utbyggingen av Festung Norwegen, med særlig vekt på de tyngste kystbatteriene."​