Guida tur i Telavåg søndag 3.februar

Nordsjøfartmuseet inviterer til guida tur i vakre Telavåg!

Frå Nordsjøfartmuseet i Telavåg går turen til Selstøbuene som kan daterast attende til 1665. Dei er noko av det einaste som var att etter Telavågtragedien i 1942. Selstøbuene ligg ytst ved havet, og vart tidlegare nytta som garnbuer i samband med fiske. På turen får du innblikk i fiske før i tida, terrorhandlinga i Telavåg i 1942, og bruken av buene i etterkrigstida.

Turen på ca. tre km. ein veg startar kl 12.30 og varar i ca. to timar. Turløypa strekkjer seg over asfalt, grusveg og terreng. Du treng godt fottøy og klede etter været. Turavgift er kr 70,- og gjeld også som museumsbillett på Nordsjøfartmuseet. Billetten kjøper ein på museet før start.

Ved målet vil turguiden gje deg ei forteljing om Selstøbuene. Vel tilbake frå turen kan du nyte varme lappar frå museumskafeen, og ta deg ei runde for å sjå kva museet har å by på.