Møt dei nye setlane

Vi skal få nye pengesetlar i Noreg, og vi må snart ta farvel med Asbjørnsen, Flagstad, Birkeland, Undset og Munch. I staden får vi nye motiv, med tematikk frå havet. Til sumaren kjem dei fyrste to valørane ut, og om du vil stille førebudd bør du ta turen til Nordsjøfartmuseet i april. Då kjem Noregs Banks utstilling om den nye setelserien til oss.