Nordsjøfartmuseet i Telavåg

På Nordsjøfartmuseet har vi dei siste åra fornya utstillingane totalt, vi har fått laga ein mobil-app og vi har fått lagd fleire digitale forteljingar, som er ein del av våre utstillingar.

Verksemd

Dei digitale forteljingane finn du også på digitaltfortalt.no og som nettstaden Barn og krig (lenke) I august 2014 opnar vi utstillinga BRUDDstykker. Dette er eit samarbeid mellom seks ulike museer i Norge og utstillinga skal vere ein kommentar til Grunnlovsjubileet. Vi satsar friskt med ei utandørsutstilling sentralt i Bergen, i tett samarbeid med Bymuseet i Bergen.  Dette prosjektet er støtta av Hordaland fylkeskommune og Kulturrådet.

Nordsjøfartmuseet har arbeidd med ulike BRUDD-prosjekt sidan 2003. I desse prosjekta har ein løfta fram ukjente, og kanskje vanskelege historier. Nordsjøfartmuseet har fått lagd mobilappen «Virtuell vandring Telavåg». Appen kan brukes som en guide til krigshendingane for dei som besøker bygda. Den finst og i engelsk versjon. Appen blei utvikla saman med Mediesenteret ved HiB. I mars 2012 opna vi ny hovudutstilling, som består av historia om Telavåg, Nordsjøfarten 1940-45, det digitale bibliotek og utstillingskatalogen «Telavåg og Lidice, to stader – ein lagnad». Vi lanserte den digitale nettstaden «Barn og krig» i 2011. (lenke) Nettstaden presenterer forteljingane til barn som har opplevd krig frå Telavåg, Holen skole, Somalia og Afghanistan. Nettstaden er tenkt brukt i undervisning. Elevar og lærarar oppfordra til sjølv å lage forteljingar om liknande tema.  Dette var eit samarbeidsprosjekt med Mediesenteret ved HiB, Stiftelsen neveragain og oss.

Om etablering og organisering av museet

Nordsjøfartmuseet vart opna 26. april 1998 som eit minnesmerke over hendingane i 1942, men og som ein moderne formidlingsarena for ulike målgrupper. Museet er teikna av arkitekt Paal Kahrs. Bygget har ein moderne stil og er universelt utforma. Det ligg fint i terrenget med utsyn over Telavåg. Sjølve bygget vart finansiert av Hordaland fylkeskommune, Sund kommune og staten ved Forsvarsdepartementet. Ulike firma og fond finansierte utstillingane og interiør.

Ein del av Museum Vest

I 2005 vart den konsoliderte museumseininga Museum Vest etablert og der inngår Nordsjøfartmuseet som ei av seks avdelingar. Eigarstiftinga Nordsjøfartmuseet eig gjenstandssamlinga og sjølve museumsbygget. Museet vert elles drifta av Museum Vest. Styreleiaren i eigarstiftinga er også vår representant i Museum Vest-styret.