Opplevingar ved Nordsjøfartmuseet

Opplevingar

Ein kan  kombinere med eit museumsbesøk med ein guida tur, eller ein kan gå på tur på eiga hand.


Guida tur i Telavågbygda


Grupper kan bli guida til  stadar i bygda som spelte ei sental rolle i dei dramatiske hendingane under krigen.
Guiden tek deg med til staden der huset stod  kor to tyske offiserar og ein norsk agent vart  drepne i 1942. Det er rørande å koma til minnestøtta der turen sluttar.  Her er  namna til alle som døydde på grunn av terrorhendingane rissa inn. Då kan det vera godt  for ein besøkjande å sjå det livskraftige samfunnet som er  gjenreist, og at nye generasjonar veks opp.
•    600 m køyretur frå museet til startpunkt for  vandringa.
•    Vandring i tre km. som varar i 60 minutt inkludert stopp og forteljing undervegs.
•    Fottøy  for  vått terreng i delar av løypa.
•    Pris 1000,- for grupper på inntil 30 personar.
•    Bestilling på e-post nordsjofart@museumvest.no  eller telefon 53006150
•    Forteljinga kan tingast på engelsk.
Denne turen kan ein bestilla etter avtale heile året. Kontakt Nordsjøfartmuseet i Telavåg.


Guida tur frå museet til notbuene på Selstø


På bestilling kan grupper få ein guida tur til Selstøbuene. Der vil guiden gje deg  forteljinga: Frå notbu til hytteparadis i Telavåg.
Frå Nordsjøfartmuseet går turen sørvestover i Nordsjøløypa, og du får eit flott utsyn til skjærgarden utanfor Telavåg. Selstøbuene er noko av det einaste som var att etter Telavågtragedien i 1942. Dei ligg ytst ved havet og vart tidlegare nytta som garnbuer i samband med fiske. På denne turen får du innblikk i fiske før i tida, terrorhandlinga i Telavåg i 1942 og etterkrigstida. Forteljinga føregår ute, men notbuene er alltid opne for publikum.
•    Løype er 4 km lang tur/retur og den guida turen varar  i 90 minutt.
•    Fottøy for  vått terreng i delar av løypa.
•    Pris kr 1000,- for  gruppe på inntil 30 personar.
•    Bestilling på e-post nordsjofart@museumvest.no  eller telefon 53006150 
•    Forteljinga kan tingast på engelsk.
Denne turen kan ein bestilla etter avtale heile året. Kontakt Nordsjøfartmuseet i Telavåg.

Visningstur Selstoebuene

Last ned vår app for ei virtuell vandring


Velg mellom norsk og engelsk. Brosjyre tilgjengeleg på museet på begge språk. 600 m køyretur frå museet til startpunkt for vandringa. Løypa har blå merking og har seks virtuelle postar. Løypa er ei ca. 3 km lang rundløype og det tek om lag 45 min å gå den virtuelle vandringa.

Lenke til appen for iPhone og iPad

Lenke til appen for Android


Tur til Selstøbuene


 Selstøbuene er noko av det einaste som var att etter Telavågtragedien i 1942. Dei ligg ytst ved havet.
Frå Nordsjøfartmuseet kan du gå sørvestover i Nordsjøløypa, og du får eit flott utsyn til skjergarden utanfor Telavåg. Selstøbuene vart  tidlegare nytta som garnbuer i samband med fiske. Notbuene er alltid opne for publikum. Løypa har blå merking og det er to km på veg og i terreng  til buene. Det tek om lag 35 min. å nå målet. Vått terreng.


Tur til Nesvika


I Nesvik kom agentane frå Shetland i land.
Frå museet går turen på hovudvegen inn i bygda, og frå skulen føl den  blå merka  Nordsjøløypa  til Nesvika i terreng. Heile  turen fram  er på om lag 4 km. Og det tek om lag 45 min. til målet. Vått terreng.


Tur til den gamle gravstaden


Kyrkjegarden ved havet med gravminner frå 1880 til 1946.
Fylg  hovudvegen inn i bygda til den endar på ein parkeringsplass. Det er  hundre m. å gå på sti og i trapper til  kyrkjegarden med restaurert bårehus og namneplate over alle som er gravlagde der. 2,5 km frå museet til parkeringsplassen.  


Tur til nabobygda Glesvær


Nordsjøløypa til Glesvær er ein 9 km lang  tur på om lag  tre timar. Turen går gjennom utmark og du får utsyn til havet. Vått terreng . Det er råd å passa turen til bussruter som går frå Glesvær til Telavåg.

250606 Loeypa Til Glesvaer