Besøk oss

Greitt å vete om eit besøk på Nordsjøfartmuseet

Korleis komme seg til oss

Reisemåte
Med privatbil følgjer ein riksveg 555 sørover på Sota og tek av til høgre ved skilting mot Telavåg. 40 km. frå Bergen sentrum. Køyretid 40 minutt. Gratis parkering.
Med kollektivtransport: Rute 453-459 frå Bergen sentrum til Telavåg. Sjå Bussrute. Med "Bergenskortet" reiser ein gratis med bussen.


Parkering
Gratis parkering.

Museumsbesøket

Betalingsmåte

Du kan betala kontant og museet aksepterer  betalingskort: Visa, Mastercard og American Express

Film

Eit museumsbesøk startar med film  i 25 minutt. Filmen som er teksta på engelsk er ein introduksjon til utstillingane.

Utstillingane

Vanlig tidsbruk i utstillingane er 30-45 min. Du kan fordjupa deg i utstillingane med audioguide.  Engelsk omsetjing av utstillingane  på audioguide.


Wifi


Gratis wifi hos oss. Namn: Nordsjofart_gjest   Passord : telavaag


Museumsbutikk


Museumsbutikk med sal av litteratur frå krigs- og okkupasjonstida og utvalde souvenirar.
Museet sender varer  frå butikken på bestilling.

IMG 20160825 145434

Kafé  

Museet har kafé med utgang til terrasse. Du kan kjøpa kaffi, kaker og varm toast m.m. Grupper kan bestilla servering etter meny.

IMG 20160729 140552
Grupper


Det er plass til 82 personar i kinosalen og kafeen har den same kapasiteten. Det er to WC for kvart kjønn. Gruppeprisen  gjeld  for  grupper over 20 stk. Frå ein meny kan grupper bestilla matservering ei veke før besøket. Gruppebesøk kan du betala kontant eller med kort, men grupper  kan også få tilsendt faktura. Gruppebesøk kan du bestilla over telefon eller på vår e-postadresse. nordsjøfart@museumvest.no 

Sjå prisar og meny her.

 

Tilgjengelegheit

Reservert parkering for rørslehemma. Museet er tilpassa rørslehemma og det er teleslynge i kinosal. Audioguide gratis tilgjengeleg på norsk og engelsk.

Utleige

Museet er godt eigna for møter og konferansar for inntil 82 personar.

Museets kafe kan og leigast til selskap.

 

Næringsliv

Næringsliv, offentlege og frivillige organisasjonar kan leiga museet. Utleige kan finna stad utanom museet sine opningstider.   Lokale som høver til mindre grupper fins også. Servering av mat på staden. Møter kan kombinerast med vårt museumstilbod og våre guida turar.

Prisar og meny er tilgjengeleg her.

 


Private

Museet er godt eigna til visittar på merkedagar, dåp, konfirmasjonar  og gravferder.
Utleige kan finna stad utanom museet sine opningstider.

Prisar på leige og oppdekking er tilgjengeleg her.