Livet under krigen

Opplegget startar med at elevane ser filmen om Telavågtragedien. Elevane arbeider i grupper på 3. Dei skal bruke utstillingane til å skaffe seg kunnskap og inspirasjon til å lage ein presentasjon av korleis livet til ein personen var under krigen. Meininga er at dei både skal nytte kunnskap, fantasi og kreativitet til å skape ein truverdig karakter.

Sted:                    Nordsjøfartmuseet i Telavåg
Klassetrinn: 8. trinn - VG3
Max ant. elever:         30
Varighet: 2,5 timar
Pris: kr. 30 per elev
Påmelding: Se bestillingsskjema nedenfor

Opplegget kan knyttast til desse læreplanmåla:

Historie VG3 Studieforberedende utdanningsprogram:
Eleven skal kunne

-presentere en historisk person og drøfte hvordan samtidige ideer og samfunnsforhold påvirket denne personens tenkemåter og handlinger.
 

Samfunnsfag etter 10.årssteget.
Eleven skal kunne:

-skape forteljingar om menneske i fortida, og slik vise korleis rammer og verdiar i samfunnet påverkar tankar og handlingar.

  

Elevbesøk ved prosjektarbeid

Alle elevar er velkomne til å kontakte oss i høve prosjektarbeid og andre oppgåver. Me har bibliotek med litteratur frå andre verdskrig, og elevane kan nytte dette ved museumsbesøk. Me kan óg skaffe høvelege bilete.

Kontakt Nordsjøfartmuseet, telefon: 53006150, e-post:nordsjofartmuseet@museumvest.no

Førebuing

Det er ein fordel om elevane er best mogleg førebudd før dei kjem på museumsbesøk. Me oppmodar dykk til å nytte dette undervisningsopplegget før de kjem på Nordsjøfartmuseet:http://web.hist.uib.no/delfag-h97/jenny/

Bestillingskjema