Nordsjøfarten og Telavågtragedien

Gjennom film og arbeid med oppgåver i utstillingane skal elevane få innsikt i kva Nordsjøfarten under andre verdskrigen var, kva han betydde for motstandsarbeidet i Noreg og for folk langs kysten. Dei skal også få kunnskap om korleis Nordsjøfarten vart oppdaga i Telavåg, og konsekvensane av dette.

 

Sted:                    Nordsjøfartmuseet i Telavåg
Klassetrinn: 7. - 10. trinn og Vidaregåande skule

Max ant. elever:      

30
Varighet: 2 timar
 Pris:  kr. 30 per elev
Påmelding: Se bestillingsskjema nedenfor

Elevbesøk ved prosjektarbeid

Alle elevar er velkomne til å kontakte oss i høve prosjektarbeid og andre oppgåver. Me har bibliotek med litteratur frå andre verdskrig, og elevane kan nytte dette ved museumsbesøk. Me kan óg skaffe høvelege bilete.

Kontakt Nordsjøfartmuseet, telefon: 56 32 74 40, e-post:nordsjofartmuseet@museumvest.no

Førebuing

Det er ein fordel om elevane er best mogleg førebudd før dei kjem på museumsbesøk. Me oppmodar dykk til å nytte dette undervisningsopplegget før de kjem på Nordsjøfartmuseet:http://web.hist.uib.no/delfag-h97/jenny/

Bestillingskjema