Virtuell vandring i Telavåg

Ved hjelp av eit nettbrett eller ein smarttelefon kan ein laste ned ein mobilapplikasjon. På vandring til ulike postar i Telavåg kan ein sjå små filmar og høyre historien om det som hende her under krigen, fortalt av dei som opplevde det. Opplegget startar med at elevane ser filmen om Telavågtragedien. 

Sted:                    Nordsjøfartmuseet i Telavåg
Klassetrinn: Opplegget høver for elevar på Historie og Filosofi 2, men kan og tilpassast for Historie Vg3 og Samfunnsfag i 9./10.klasse.

Max ant. elever:      

30
Varighet: 3 timar
 Pris:  kr. 30 per elev
Påmelding: Se bestillingsskjema nedenfor

 

I etterkant jobbar elevane med korleis mobilapplikasjonen og vandringa fungerer som historisk kjelde, og om denne måten å presentere historie på kan vere med på å skape auka historiemedvit.

  

Elevbesøk ved prosjektarbeid

Alle elevar er velkomne til å kontakte oss i høve prosjektarbeid og andre oppgåver. Me har bibliotek med litteratur frå andre verdskrig, og elevane kan nytte dette ved museumsbesøk. Me kan óg skaffe høvelege bilete.

Kontakt Nordsjøfartmuseet, telefon: 53006150, e-post:nordsjofartmuseet@museumvest.no

Førebuing

Det er ein fordel om elevane er best mogleg førebudd før dei kjem på museumsbesøk. Me oppmodar dykk til å nytte dette undervisningsopplegget før de kjem på Nordsjøfartmuseet:http://web.hist.uib.no/delfag-h97/jenny/

Bestillingskjema