Våre utstillingar

Nordsjøfartmuseet ligg i Telavåg på øya Sotra vest for Bergen. Under 2. verdskrigen var Telavåg eit av knutepunkta i Nordsjøfarten – den illegale båttrafikken mellom Noreg og Storbritannia.

Telavågutstillinga

Ingen andre stader i Noreg vart så hardt råka av tysk terror under andre verdskrigen som Telavåg. På Nordsjfartmuseet i Telavåg blir den dramatiske historia til folket her ved havet fortalt.

Dei personlege forteljingane

Du vil få innblikk i unike historier frå kvinner, barn og menn som opplevde den største terrorhandlinga på norsk jord før 22. juli. Dei fortel om sjokk, sorg, frykt, arrestasjonar og korleis livet i fangenskap var. Du kan høyre om korleis det var då ungane vart skilde frå mødrene sine, og sjå eit stort utval av bilete frå fangetida til kvinnene og borna. De kan sjå nazistane sine eigne foto frå  arrestasjonane og  øydeleggjingane  av bygda, og lese vitneprovet til ein av dei tyske soldatane som deltok då bygda vart sett i brann. Du får tilgang til desse unike historiene via ulike bildespel.

Unike foto og gjenstandar

Du kan sjå nokre av dei du dei få gjenstandane som var igjen etter den øydeleggjinga av bygda. Desse vart funnen i brannruinane etter krigen. Du finn gjenstandar som vitnar om livet i fangenskap. Her er også gjenstandar som fortel om pågangsmot og vilje til å kome heim og byggje opp at bygda, som til dømes verkty mennene handla i Sverige, på vegen heim frå Sachsenhausen.

Audio-guide, digitalt bibliotek og film

Til utstillinga høyrer også ein audioguide. Her kan du få vete endå meir om historiene bak gjenstandane, høyre stemmene til dei som var her den gongen då, eller høyre nyinnspelinga av ein song som vart skriven til ein barnedåp der fire av ungane som vart fødde i fangenskap vart døypte. Vil du vete endå meir kan du studere bilete, og sjå små filmsnuttar i vårt digitale bibliotek. Det er mellom anna eit rikhaldig bildemateriale frå gjenreisingstida, avdukinga av minnestøtta, Statsminister Gerhardsen, Kronprins Olav og Kong Håkons besøk i bygda. Du kan også sjå nokre av dei få bileta som finnst av bygda frå før 1942. Til utstillinga høyrer ein film på 25 minutter, som set deg inn i bakgrunnen for Telavågtragedien.

Utstillinga passar for

 Utstillinga passar for alle, men eignar seg best for vaksne og ungdommar frå 12 år. Det er lagt til rette for rullestolbrukarar.

Fakta:

  • 26. april 1942: Skytedramaet i Telavåg. Skotveksling mellom Gestapo-offiserar og to norske Linge-agentar. To gestapooffiserar og ein norsk agent drepne.
  • 30. april 1942: Alle menn mellom 16 og 60 år i Telavåg arresterte
  • 1. mai 1942: Resten av befolkningen arresterte
  • Mai 1942: Telavåg jamna med jorda.

 

 

 

 

Nordsjøfartutstillinga

Under krigen var det dødsstraff for å krysse Nordsjøen. På Nordsjøfartmuseet  får du eit innblikk i liva til dei som trossa forbodet. 

Dei fleste flykta over til Storbritannia for å verve seg i dei allierte styrkane og mange risikerte livet for å frakte våpen, agentar og utstyr tilbake til motstandsrørsla i Noreg. Motstandskampen i Noreg var ikkje mogleg utan  desse hemmelege og farefulle operasjonane. I utstillinga  om Nordsjøfarten vil ein sjå at mange motstandsfolk langs kysten, mellom anna i Telavåg, risikerte mykje for å gjere den illegale nordsjøfarten mogleg. Ein vil også sjå at samarbeidet med Storbritannia var viktig fore motstandsarbeidet i Noreg.

Personlege forteljingar

Eit finmaska nett av motsandsfolk sørga for at ettersøkte nordmenn og ungdommar som ville verve seg kunne flykte til Storbritannia. I Nordsjøfartutstillinga kan du komme tett på folk som hadde ulike roller i denne trafikken. Du får dramatiske flukthistorier, du får innblikk i den enorme risikoen det kunne vere å trosse hav og nazistar. Du vil og få sjå at såkalla vanlege norske kvinner og menn gjorde ein uvurderlig, men lite tidlegare omtalt innsats i å organisere flukt og ta i mot båtar som kom frå Storbritannia.

Shetlandsgjengen

Det er eit stort fokus på Shetlandsgjengen, nokre av dei mest kjende frå Nordsjøfarten, som  i starten brukte fiskeskøyter til å frakte agentar og utstyr frå Shetland til Norskekysten. I utstillinga kan du vete meir om desse dramatiske operasjonane.

Unike bilete og gjenstandar

I utstillinga kan du sjå autentiske bilde frå folk på flukt, og få innblikk i dei dramatiske forteljingane deira. De kan mellom anna sjå nokre av Leif Larsen, Shetlands-Larsen, sine uniformer, våpen og ikkje minst medaljene hans. Leif Larsen er den høgst dekorerte allierte sjøoffiseren frå andre verdskrigen.

Bildespel, audioguide og digitalt bibliotek

Du får innblikk i dei ulike forteljingane gjennom ulike bildespel. Til utsillingane høyrer det også ein audio-guide, der ein kan få vete endå meir om gjenstandane og forteljingane knytt til dei. I vårt digitale bibliotek finn du eit rikt bildemateriale frå Nordsjøfarten. Filmen «Telavågtragedien», på 25 minutt viser korleis hendingane i Telavåg, var eit resultat av at Nordsjøfarten her vart oppdaga. Utstillinga passer for alle, men eignar seg best for vaksne og barn over 12 år.

 

Mobilapp som guide til Telavågtragedien

Last ned "Virtuell vandring Telavåg" og la appen guide deg til de viktige stedene for hendingane i Telavåg under 2. verdskrigen.

 

 

  • Appen er tilgjengeleg for både iOS og Android
  • Fungerer på nettbrett og smarttelefon

 

SLIK FUNGERER APPEN

Appen bruker GPS-funksjonen på smarttelefonen eller nettbrettet ditt for å vise deg veg til dei mest sentrale stadene for Telavågtragedien. Samtidig forteller den deg historiene (film, bilder, lyd) som er relevant for stadene.

 Blant dei unike historiene i appen er autentiske intervju med personar som opplevde dramaet på kroppen.

 

LAST NED

Har du ikkje hugsa å laste ned appen før du kjem til museet, kan du bruke vårt trådlause nett (wifi) for å gjere dette. Bruk av nettet er gratis.

Sjølve innhaldet i app-en vert aktivisert når du startar vandringa ved brua i Telavåg.

 

Appen kan du laste ned i:

 

  • App Store (iOS)
  • Google Play (Android)

 

Lenke til applikasjonen på Google-Play (Android)

Lenke til applikasjonen for iOS i Apples iTunes