Telavågutstillinga

Ingen andre stader i Noreg vart så hardt råka av tysk terror under andre verdskrigen som Telavåg. På Nordsjfartmuseet i Telavåg blir den dramatiske historia til folket her ved havet fortalt.

Dei personlege forteljingane

Du vil få innblikk i unike historier frå kvinner, barn og menn som opplevde den største terrorhandlinga på norsk jord før 22. juli. Dei fortel om sjokk, sorg, frykt, arrestasjonar og korleis livet i fangenskap var. Du kan høyre om korleis det var då ungane vart skilde frå mødrene sine, og sjå eit stort utval av bilete frå fangetida til kvinnene og borna. De kan sjå nazistane sine eigne foto frå  arrestasjonane og  øydeleggjingane  av bygda, og lese vitneprovet til ein av dei tyske soldatane som deltok då bygda vart sett i brann. Du får tilgang til desse unike historiene via ulike bildespel.

Unike foto og gjenstandar

Du kan sjå nokre av dei du dei få gjenstandane som var igjen etter den øydeleggjinga av bygda. Desse vart funnen i brannruinane etter krigen. Du finn gjenstandar som vitnar om livet i fangenskap. Her er også gjenstandar som fortel om pågangsmot og vilje til å kome heim og byggje opp at bygda, som til dømes verkty mennene handla i Sverige, på vegen heim frå Sachsenhausen.

Audio-guide, digitalt bibliotek og film

Til utstillinga høyrer også ein audioguide. Her kan du få vete endå meir om historiene bak gjenstandane, høyre stemmene til dei som var her den gongen då, eller høyre nyinnspelinga av ein song som vart skriven til ein barnedåp der fire av ungane som vart fødde i fangenskap vart døypte. Vil du vete endå meir kan du studere bilete, og sjå små filmsnuttar i vårt digitale bibliotek. Det er mellom anna eit rikhaldig bildemateriale frå gjenreisingstida, avdukinga av minnestøtta, Statsminister Gerhardsen, Kronprins Olav og Kong Håkons besøk i bygda. Du kan også sjå nokre av dei få bileta som finnst av bygda frå før 1942. Til utstillinga høyrer ein film på 25 minutter, som set deg inn i bakgrunnen for Telavågtragedien.

Utstillinga passar for

 Utstillinga passar for alle, men eignar seg best for vaksne og ungdommar frå 12 år. Det er lagt til rette for rullestolbrukarar.

Fakta:

  • 26. april 1942: Skytedramaet i Telavåg. Skotveksling mellom Gestapo-offiserar og to norske Linge-agentar. To gestapooffiserar og ein norsk agent drepne.
  • 30. april 1942: Alle menn mellom 16 og 60 år i Telavåg arresterte
  • 1. mai 1942: Resten av befolkningen arresterte
  • Mai 1942: Telavåg jamna med jorda.