Hopp til hovedinnhold

Telavågtragedien

Ingen andre stader i Norge vart så hardt råka av tysk terror under andre verdskrigen som Telavåg. På Nordsjøfartmuseet i Telavåg blir den dramatiske historia til folket her ved havet fortalt.

  • Silje Katrine Robinson / Stiftelsen Museum Vest

Dei personlege forteljingane

Du vil få innblikk i unike historier frå kvinner, barn og menn som opplevde den største terrorhandlinga på norsk jord før 22. juli. Dei fortel om sjokk, sorg, frykt, arrestasjonar og korleis livet i fangenskap var. Du kan høyre om korleis det var då ungane vart skilde frå mødrene sine, og sjå eit stort utval av bilete frå fangetida til kvinnene og borna. De kan sjå nazistane sine eigne foto frå  arrestasjonane og  øydeleggjinga av bygda. Du får tilgang til desse unike historiene via ulike bildespel.

  • Stiftelsen Museum Vest

Unike foto og gjenstandar

Du kan sjå nokre av dei du dei få gjenstandane som var igjen etter øydeleggjinga av Telavåg. Desse vart funnen i brannruinane etter krigen. Du finn gjenstandar som vitnar om livet i fangenskap. Her er også gjenstandar som fortel om pågangsmot og vilje til å kome heim og byggje opp at bygda, som til dømes verkty mennene handla i Sverige, på vegen heim frå Sachsenhausen.

Audio-guide og film

Til utstillinga høyrer også ein audioguide. Her kan du få vete endå meir om historiene bak gjenstandane, høyre stemmene til dei som var her den gongen då, eller høyre nyinnspelinga av ein song som vart skriven til ein barnedåp der fire av ungane som vart fødde i fangenskap vart døypte. Til utstillinga høyrer ein film på 25 minutter, som set deg inn i bakgrunnen for Telavågtragedien.

Utstillinga passar for

Utstillinga passar for alle, men eignar seg best for vaksne og ungdommar frå 12 år. Det er lagt til rette for rullestolbrukarar.

Fakta:

  • 26. april 1942: Skytedramaet i Telavåg. Skotveksling mellom Gestapo-offiserar og to norske Linge-agentar. To gestapooffiserar og ein norsk agent drepne.
  • 30. april 1942: Alle menn mellom 16 og 60 år i Telavåg arresterte
  • 1. mai 1942: Resten av befolkninga arresterte
  • Mai 1942: Telavåg jamna med jorda.
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 2