Hopp til hovedinnhold

Arkeologi på maritime fangstanlegg i Telavåg

I januar har marinarkeologar kartlagt menneskeskapte strukturar under vann i Telavåg. Disse er knytta til tidlige tiders hvalfangst i området, og gjev viktig kunnskap om den maritime kulturarven.

Januar 2026

Ein hyggeleg dag på Nordsjøfartsmuseet i Telavåg fekk eit fagleg tilsnitt då Beatrice Frabetti, marinarkeolog ved Bergens Sjøfartsmuseum, stakk innom ein tur under arbeidet sitt i området. Besøket ga rom for verdifull kunnskapsutveksling på tvers av museer, og vi fekk samtidig innblikk i Beatrice sitt oppdrag her ute.

Bakgrunnen for besøket er eit pågåande prosjekt i samarbeid med Elling Utvik Wammer frå Norsk Sjøfartsmuseum og Stavanger Maritime Museum. Målet er å dokumentere kystens fangstanlegg og maritime strukturer knytt til hvalfangst på Sotra, i tråd med museas felles ansvar for å ivareta og formidle den maritime kulturarven.

Stikkholmen, som ligg midt i innseilinga til Telavågen, gav moglegheit til å sperre av heile vågen, og fange større sjødyr som trakk inn der. Det smalaste sundet var sperra med stein og trepålar, medan det andre sundet kunne sperrast med ei not. På den måten kunne kval bli fanga sundet, og ein fekk høve til å ta livet av den.

Det er planlagt undersøkingar både i Skogsvåg og i Telavåg. Arbeidet i Skogsvåg vil truleg bli gjennomført seinare i år, ettersom området for augneblikket er fryst, mens feltarbeidet i Telavåg allereie er i gang. Onsdag førige uke ble det køyrt sidesøkande sonar og gjennomført dykking i det smalaste sundet i Telavågen, og arbeidet fortsett med dykking i det andre sundet.

Med utgangspunkt i funna har det blitt utarbeida ein 3D-modell ved hjelp av fotogrammetri av strukturane som er påvist under vann. Desse strukturane består av stein som bevisst er lagt ut i sjøen for å stengje sundet, og gjev verdifull innsikt i tidlegare tiders bruk av kystlandskapet og dei maritime ressursane.

  • 1/3
    Bilete frå ein 3D-modell av strukturane under vatn. Sett rett ovanfrå. Museum Vest / Bergens Sjøfartsmuseum | Museum Vest/Bergens Sjøfartsmuseum
  • 2/3
    Bilete frå ein 3D-modell av strukturane under vatn. Stein var lagt ut i sundet ved Stikkholmen for å sperre det av for større sjødyr. Ei not ble brukt for å sperre det andre sundet. Museum Vest / Bergens Sjøfartsmuseum | Museum Vest/Bergens Sjøfartsmuseum
  • 3/3
    Bilete frå ein 3D-modell av strukturane under vatn. Museum Vest / Bergens Sjøfartsmuseum | Museum Vest/Bergens Sjøfartsmuseum