Hopp til hovedinnhold

«Den hemmelege og illegale» trafikken

Nordsjøfarten var både hemmeleg og illegal under okkupasjonen
– men langt frå ukjend. Då ubåtjagarane «Hitra» og «Vigra» kom til Bergen 8. mai 1945, vart dei møtte av store folkemengder og stor merksemd. Berre dagar seinare dukka ein velkjend silhuett opp
i 17. mai-prosesjonen i byen.

Vi omtalar ofte Nordsjøfarten som «den hemmelege og illegale» trafikken over Nordsjøen under okkupasjonen. Og det stemmer. Han var illegal, for den tyske okkupasjonsmakta hadde tydeleg uttrykt at all kontakt med fiendane til Tyskland var straffbart. Og han var hemmeleg av same grunn. Likevel var det godt kjent blant folk i heile Noreg at det føregjekk ein transport ut av landet, over Nordsjøen. Etter kvart fekk han til og med sitt eige kallenamn: Shetlandsbussen.

  • 1/1
    Det var ubåtjagarar av denne typen som la til kai i Bergen 8. mai. Noreg fekk tre slike i gåve frå USA, og Shetlandsgjengen tok dei i bruk frå vinteren 1943/44. Skipet på biletet er "Hessa", som gjekk til Rubbestadneset i Bømlo 8. mai. Her fotografert utanfor Stord i 1945. Nordsjøfartmuseet

Det var mindre kjent kven som stod bak, og kva slags fartøy som vart brukte. Men 8. mai 1945 sette ubåtjagarane «Hitra» og «Vigra» segl frå Shetland mot Lyngøymoloen i Bergen, kor dei vart tekne imot med stor begeistring. Båtane vart tydelegvis nøye studerte. Det er lite tvil om kva slags fartøy som stod modell for denne farkosten, som vart vist fram ei dryg veke seinare, i prosesjonen i Bergen 17. mai.

  • 1/1
    17. mai toget passerer Sundt på Torgallmenningen, 1945. UiB Fotografiske samlinger