Hopp til hovedinnhold

Levande øysamfunn langs norskekysten - Foredrag med Espen A. Jacobsen

Nordsjøfartmuseet. 13. mars 2024 kl. 18:30
I tidlegare tider var det folksamt overalt langs norskekysten. I løpet av dei siste 100-150 åra har tallause store og små øysamfunn blitt avfolka, meir eller mindre parallelt med «moderniseringa» av samfunnet. Men nokre stader har trossa denne utviklinga, og er fortsett fulle av livskraft, gjestfriheit og spanande opplevingar. Foredraget tar oss med til nokre slike reisemål, der både naturen, menneska, historia og framtida fascinerer.

Espen A. Jacobsen er forfattar og fotograf, og står bak ei rekke bøker om opplevingane som venter oss langs kysten og fjordområda i Norge. Her finn vi slåande natur i alle variantar, landets mest interessante byer, spanande og gjestfrie lokalsamfunn, gamal og ny historie - og mye, mye meir. 

Bøkene er oversett til fleire språk, og er blant anna svært populære blant engasjerte gjester på Kystruta/Hurtigruta.

Innimellom arbeidet med nye bok-idéar reiser han rundt og held foredrag om emne og områder frå bøkene. 

13. mars kl. 18.30 kommer han til Nordsjøfartmuseet med foredraget:

Levande og gjestfrie kystsamfunn langs norskekysten

Det blir óg høve til å handle bøker, rett frå forfattarens hand!

Vaksen: kr 120

BT-fordel: kr 90

Barn: gratis 


  • Et flyfoto av et norsk øysamfunn med hus, brygger, båthus og flere holmer ut mot havet.
    1/2
    Mange norske øysamfunn er framleis både levande og gjestfrie. Espen A. Jacobsen
  • 2/2