Hopp til hovedinnhold

Museumsbutikk/resepsjon

I inngangen finn du resepsjonen og museumsbutikk. Her kan du løyse billett og få informasjon om museet og områda rundt eller kjøpa deg ein kopp kaffi.

  • Museumsbutikk, kafé og resepsjon finn du i inngangen.
    Museumsbutikk, kafé og resepsjon finn du i inngangen. Siri Giil Rolland / Stiftelsen Museum Vest

Resepsjon

Betalingsmåte

Du kan betale kontant og museet aksepterar betalingskorta: Visa og Mastercard. Du kan óg betale med Vipps.
Om du ynskjer, kan billett til museet kjøpast på førehand her.

Film

Eit museumsbesøk startar med film i 25 minutt. Filmen handlar om Nordsjøfarten og Telavågtragedien og er teksta på engelsk.

Utstillingane

Vanlig tidsbruk i utstillingane er 30-45 min. Du kan fordjupa deg i utstillingane med audioguide. Engelsk omsetjing av utstillingane på audioguide.

Wifi

Gratis wifi hos oss. Namn: DigitaltMuseum   Passord : museum365

  • Folk drikk kaffi på terrassen utanfor museet.
    På terrassen kan du nyta ein kopp kaffi.

Museumskaféen

Museet har kafé med utgang til terrasse. Du kan kjøpe kaffi, kaker og varm toast m.m. Grupper kan bestille servering etter meny.

Vi har alltid ein kopp kaffi klar til deg når du ynskjer ein pust i bakken.

Kafeen er open i museets opningstid.

Museumsbutikk

I vår flotte butikk finn du mange bøker, lokalproduserte gåver som honning, saueskinn og handstrikka sokkar, leiker til borna og mykje anna fint. Litteratur frå krigs- og okkupasjonstida og utvalde souvenirar. 

Museum24:Portal - 2024.05.16
Grunnstilsett-versjon: 2