Fotoutstilling av Helle Brunvoll ”MOMENTUM” 16.02.20-31.08.20 på Nordsjøfartmuseet i Telavåg

Fotoutstillinga Momentum syner det nye landskapet som oppstår i eit steinbrot etter at arbeidet med å henta ut stein er ferdig.

Helle Brunvoll f.1966 er født i Horten der ho bur og arbeidar. Ho uttrykkjer seg gjennom måleri, foto og steinskulptur. Fotoutstillinga på Nordsjøfartsmuseet er foto frå eit nedlagt steinbrot i Larvik. http://hellebrunvoll.no/ Helle har vore representert på bl. a. «Østlandsutstillingen» med desse bileta. Naturen er den største inspirasjonskjelda for henne. Utstillinga på Nordsjøfartmuseet, Museum Vest, er ei salsutstilling.