Konrad Birkhaug og Telavågfolket - fotoutstilling

Utstilling om Konrad Birkhaug og hans innsats for Telavågfolket

Etter at tyskarane var ferdige med i Telavåg – då folket var arresterte og frakta bort, og bygda øydelagd – blei kvinner og barn helde i fangenskap på Storetveit skule i Bergen. Her blei dei ivaretatt av Hordaland Røde Kors, under leiing av legen Konrad Birkhaug. Nordsjøfartmuseet har overtatt ei fotosamling etter han, og stiller no ut eit utval av bileta, som stammer frå tida på Storetveit. Her er og særeigne gjenstandar frå Birkhaug sitt liv, som fortel om ei lang og innhaldsrik karriere som lege i to verdskrigar og eit virke på både sider av Atlanterhavet.