Konsert: Ticket to Ride med Underholdningsvogna

Underholdningsvogna kjem med forestillinga TICKET TO RIDE til Nordsjøfartmuseet tirsdag 7. september

Ei musikalsk reise frå New York til Paris! Mange songar har blitt skrivne om dei store metropolane på kvar side av det store Atlanterhavet. Underholdningsvogna bringer storbyen og verden litt nærare med musikk som kan gi ein kvar lyst til å pakke kofferten. Vi nemnar artistar som Edit Piaf, Ella Fitzgerald, Django Reinhardt og The Beatles, og songar som “Les Champs Elysées”, “That’s amore!” og “Manhattan”. Med retrostilen som er typisk for Underholdningsvogna, gir denne konsertopplevinga assosiasjonar til tida då damplokomotiva framleis tøffa gjennom Europa og dei store dampskipa frakta lykkejegerar og turistar over Atlanterhavet til Amerika og draumen om ei ny begynning. Så, kjære publikum, velkommen ombord - og ta plass

 

Med stønad frå Vestland fylkeskommune