Kornmaling på gamlemåten

Bli med på ein tur til ei kvern som kan daterast attende til 1700-talet. Den er restaurert og du kan få sjå korleis korn blir malt på kvern driven av vasskraft. Møt opp på Nordsjøfartmuseet i Telavåg søndag 28.04.2019 kl 12.30.

Det vil fossa frå vassrenna og kvernkallen vil snurre fort rundt. Inne i kverna vil kornaksa presisjonsmessig falle ned på kvernsteinana for å bli malt til mjøl. Turen til Selstøkverna er ca. to km. ein veg  og heile turen vil vil vara i ca. to til tre timar. Turløypa strekkjer seg over asfalt, grusveg og  terreng. Du treng godt fottøy og klede etter været. Turavgift er kr 70,- og gjeld også som museumsbillett på Nordsjøfartmuseet. Billetten kjøper ein på museet før start.

Vel tilbake frå turen kan du nyte varme lappar frå museumskafeen, og ta deg ei runde for å sjå kva museet har å by på.