Laks i fortid og notid

Foredragshaldarar: Malene Golten vil halda foredrag om fiske etter laks med «kilenot» og Svein Arve Forland vil fortelje om Telavåg Fiskeoppdrett.

 

Malene Golten vil halda foredrag om fiske etter laks med «kilenot». Malene Golten har samla og skrive ned lokalhistorie om vår nære fortid. Dette har resultert i to bokutgjevingar. «Gamal matkultur på Sotra» og «Øvre Golten og Nedre Golten i kvinne og manns minne». I den siste boka si skriv ho blant anna om næringsutøving til sjøs. «Kilenot» til fiske etter laks er rikhaldig illustrert og dokumentert i boka.

Svein Arve Forland er assisterande dagleg leiar i Telavåg Fiskeoppdrett AS. Telavåg Fiskeoppdrett driv oppdrett i Sund kommune i Hordaland og har to konsesjonar for laks og aure. Det vil bli høve til å melda seg på ein visningstur på ein utvald dag til eit av anlegga til Telavåg Fiskeoppdrett for dei som møter på foredraget.

Det vert servert smaksprøvar av laks frå museumskafeen.