OPE ALLE HELGEDAGAR I PÅSKA 12-17

OPE ALLE HELGEDAGAR I PÅSKA 12-17

Palmesøndag 14. 4., skjærtorsdag 18. 4., langfredag 19. 4.,  1. og 2. påskedag. 21. og 22. 4. Alle dagar 12-17.

Aktivitetar på museet og i nærområda.

Filmtilbod og aktivitetstilbod for born. Familieoppgåver som du finn svar på i museet sine utstillingar. Alle får premiar. Du kan også spela ulike kortspel og brettspel av god gamal årgang.

Om været fristar til uteaktivitetar er museet utgangspunkt for ulike turar i merka løyper.

  • Løypa til stadar som spelte ei rolle i 1942 kan ein gå med appen Telavåg 1942
  • Løypa til Glesvær er ein lengre tur på to til tre timar.
  • Løypa til nokre gamle sjøbuer som er opne for publikum er tur retur 90 minutt.

Alle turane krev fottøy for vått terreng. Naturopplevingane er storslagne i Telavåg der det er sjø på nær sagt alle kantar.

På museet serverar museumsvertane nysteikte lappar med rømme og syltetøy. Kaker eller varm toast. Kaffi, te og mineralvatn. Ta turen til Telavåg 40 minutt frå Bergen sentrum.