Selstøbuene – familietur til ei perle i Nordsjøløypa

Oppdag dei einaste bygga som var att etter at Telavåg vart jamna med jorda i 1942. Denne lette turen kombinerer historiefortellingar om korleis folket her levde i fortida med unike kulturminne og eit vakkert kystlandskap. Turen passar for vaksne og barn. Museumsbillett og kaffi er inkludert.

Bestill turen her!

 

Kvar torsdag fra 24. juni til 12. august kan du bli med på tur til Selstøbuene. Dei er restaurerte, gamle notbuer frå 1665 som ligg heilt i havgapet. Slike buer var i lang tid ein sentral del av fisket i Øygarden, og soleis ein viktig del av livsgrunnlaget. Ein vil også få sjå Selstøkverna, som er den einaste kverna som sto att etter øydelegginga av Telavåg. Guiden vil fortelje om korleis buene og kverna blei brukt i fortida.

Turen går gjennom vakker lynghei, og gir høve til å nyte både utsikt over Nordsjøen og øyane utanfor Telavåg i forfriskande havluft.

Tek du turen innom Nordsjøfartmuseet etter turen, får du vite meir om dei dramatiske krigshendingane frå 2. verdskrigen i Telavåg. Museumsbilletten er inkludert i prisen.

Turen startar ved Nordsjøfartmuseet der det er parkering og busshaldeplass. Deler av turen går i terreng.

Lengd:           ca. 5 km tur/retur

Tid:                3 timar

Pris:               250 kr. Barn gratis, studentar halv pris.

                      Inkluderer tur med guide, inngong på Nordsjøfartmuseet og kaffi.

Maks:            20 personar.

Oppmøte:      Nordsjøfartmuseet i Telavåg, torsdagar kl 12:00. 24.6. - 12.8.

Språk:           Guiding på norsk

Vi tilrår praktisk fottøy og ytterklede tilpassa vermeldinga. Parkering ved museet og busshaldeplass.

Turen er ikkje eigna for rullestolbrukarar.

Museet har universell utforming.

 Bestill turen her!