Søndag 20.10.2019 kl. 12.30 kan du bli med på tur til eit kvernhus som kan daterast attende til 1700-talet. Her får du sjansen til å sjå korleis korn blir malt på kvern driven av vasskraft. Møt opp på Nordsjøfartmuseet i Telavåg.
Det er ein fascinerande prosess, som viser korleis vatnet som fossar frå vassrenna får kvernkallen til å snurre i høg hastigheit. Inne i kverna vil kornaksa presisjonsmessig falle ned på kvernsteinane for å bli malt til mjøl. Turen til Selstøkverna er ca. to km. ein veg og heile turen vil vara i ca. to til tre timar. Turløypa strekkjer seg over asfalt, grusveg og terreng. Du treng godt fottøy og klede etter været.
Turavgift er kr 70,- og inkluderer museumsbillett på Nordsjøfartmuseet. Billetten kjøper ein på museet før start.
Vel tilbake frå turen kan du nyte varme lappar frå museumskafeen, og ta deg ei runde for å sjå kva museet har å by på.