Kornmaling på gamlemåten

Bli med på kornmaling på gamlemåten!

Søndag 24.10.2021 kl. 12.30 kan du bli med på tur med guide til eit kvernhus som kan daterast attende til 1700-talet. Her får du sjansen til å sjå korleis korn blir malt på kvern driven av vasskraft. Møt opp på Nordsjøfartmuseet i Telavåg.

Det er ein fascinerande prosess, som viser korleis vantet som fossa frå vassrenna får kvernkallen til å snurre i høg hastigheit. Inne i kverna vil kornaksa presisjonsmessig falle ned på kvernsteinana for å bli malt til mjøl. Turen til Selstøkverna er ca. to km. ein veg  og heile turen vil vil vara i ca. to og ein halv time. Turløypa strekkjer seg over asfalt, grusveg og  terreng. Du treng godt fottøy og klede etter været.

 

Turavgift er kr 90,- og inkluderer museumsbillett på Nordsjøfartmuseet. Billetten kjøper ein på museet før start.

Vel tilbake frå turen kan du nyte varme lappar frå museumskafeen.