UTSATT TIL 28.10 Oldemors strikk: Føredrag og strikkekafé

Vi opnar museumskaféen og inviterer til strikking og hekling på Nordsjøfartmuseet. 

Sølvi Vik kjem for å holde føredrag om «Kva oldemor strikka, rundt år 1900»

 

"Strikking i dag er ein hobby og ein syssel for avslapping, med plagg prega av motebildet. Slik var det ikkje for oldemor, ho laga livsnødvendige klede.

Gjennom å sjå på dei tinga oldemor strikka og utstyret ho brukte for over hundre år sidan, kan vi lære om samfunnsvilkår og levekår, som helsetilhøve, på den tida. Og kunnskapen til oldemor om ressursutnytting er høgst relevant for oss i dag!"

Kom på eit sosialt strikketreff for gamal og ung. kl. 18 - 21