Vinterferien på Nordsjøfartmuseet

Ta turen til Nordsjøfartmuseet i Telavåg i vinterferien! Museet er ope kvar dag frå måndag til fredag 11-16, og søndag 12-17.  

Her er det mykje å finne på for heile familien!

Virtuell vandring og gratis kaffe

Museet sin app Telavåg 1942 let deg utforske den vakre bygda på ein ny og spanande måte, og guider deg til dei viktige stadene for hendingane under 2.verdskrigen. Samstundes som å nyte naturen, får du innblikk i historiane gjennom film, bilder og lyd som er relevant for dei ulike stadene i turterrenget. Laster du ned appen, får du ein gratis kopp kaffe i kafeen. Her serveres også godbiter som lappar, kaker og toast. Appen er tilgjengeleg både på Appstore og Google Play

Gripande utstillingar 

Inne i museet kan ein utforske historia gjennom dei personlege forteljingane, unike gjenstander og foto. Utstillingane er opne kvar dag. Her kan du blant anna sjå ein dokumentarfilm om telavågtragedien og få enda meir innsikt om historiane bak gjenstandane med audioguide. 

Kjekt for barna 

Barna er hjarteleg velkomen til å tegne, spille spill og lære seg å brette papirbåter.