Eit besøk til Nordsjøfartmuseet kan kombinerast med ei rekke aktivitetar for liten og stor.
Kulturhistorisk vandring i Telavåg, med app
I Telavåg er det etablert ei kulturhistorisk løype, som tek deg gjennom dei viktigaste stadane i bygda. Om ein lastar ned appen «Telavåg 1942» kan ein få ein levande museumsoppleving utandørs, med tidsvitneintervju og forklaringar til kvar post. Appen finst for Android og iPhone
Utsikt frå Telaburet
Heilt ute mot havet ligg toppen Telaburet, som i gamledagar var eit seilingsmerke for sjøfolk. Frå toppen har ein ei flott utsyn over storhavet mot sør og vest, og over Telavåg og Nordsjøfartmuseet.
Klatrevegg og lavvo
Ein kort marsj i terrenget vest for Telavåg tar deg til Fiskesleppet klatrevegg. Her er det og etablert ein lavvo i nærleiken, som ein kan nytta gratis.
Selstøbuene og kverna
Etter at tyskarane jamna Telavåg med jorda, sto det nesten ingen bygg att. Men to gamle notbuer vart ståande på Selstø. Dei er nemnd i kjelder frå 1600-talet, og har vore i vekslande bruk sidan da. Dei er no restaurert, og tilgjengeleg for publikum. Ei gamal kvern ligg og i landskapet her. Den er restaurert til fungerande stand, og ved spesielle høve vert ho demonstrert i all si støyande prakt.
Nordsjøløypa til Glesvær
Frå Nordsjøfartmuseet går Nordsjøløypa sørover gjennom utmarka, til den gamle handelsplassen Glesvær. Her ligg Glesvær kafé i bygga til den gamle handelsstasjonen. Her kan ein få servert god sjømat heile året. A pro pos sjømat. Den løyndomsfulle fisken Sildekonge har fått namn frå Glesvær. I 1765 og 1769 vart det funne to døde eksemplar av fisken, som flaut i land på Glesvær. Naturvitaren Peter Ascanius satt i gong med å beskrive dei, og registrerte arten som Regalecus glesne i 1772.