Opplevingar på Nordsjøfartmuseet

Nordsjøfartmuseet har utstillingar som dokumenterer både heroisme og tragedie under den andre verdskrigen. Det er og ein vakker plass, kor ein kan slappe av med kaffi og lapp, både inne og ute.

Shetlands-Larsens medaljesamling

I 1999 vart Leif Larsen kåra til «Århundrets vestlending» av lesarane til Bergens Tidende. Han var ein av kapteinane på Shetlandsbussane, som frakta våpen og agentar frå Shetland til Norge under krigen. På vegen tilbake tok dei ofte med flyktningar. For bragdene sine vart Larsen høgt dekorert, både frå britisk og norsk hald. Til slutt var han ein av dei høgast dekorerte sjøoffiserane på alliert side. Medaljesamlinga hans er utstilt på Nordsjøfartmuseet.

Ny museumsfilm

Frå 19. juni kan ein sjå den nye museumsfilmen vår om Telavågtragedien. Den dokumenterer dei tyske overgrepa i Telavåg gjennom auga til dei som var born i 1942. Eit rikt monn av arkivbilete og nye intervjuar med tidsvitne gjev eit gripande innblikk i ei av dei grovaste krigsbrotsverka på norsk jord.

 

Bokhandel og butikk

I museumsbutikken kan du finne eit utval av litteratur om Nordsjøfarten og norsk kystkultur. Der finn du og eit utval av lokalproduserte kvalitetsvarer, frå saueskinnsfellar til honning.

Lapper på terrassen

Ein klassikar blant Nordsjøfartmuseet sine faste gjester er å nyte lappar og kaffi framfor utsikta i kafeen. På godversdagane er terrassen ein gild plass å vere, med Telavågbygda og Nordsjøen som kulisser.

Telavågtragedien

I utstillinga om Telavågtragedien finn ein gjenstandar og historier frå tida i fangenskap. Kvar gjenstand fortel ei historie om livet i ei røynsle som kan virke fjern og vanskeleg å forestelle seg, men som likevel ligger nær i tid.