Våre utstillingar

Nordsjøfartmuseet ligg i Telavåg på øya Sotra vest for Bergen. Under 2. verdskrigen var Telavåg eit av knutepunkta i Nordsjøfarten – den illegale båttrafikken mellom Norge og Storbritannia.

Telavågutstillinga

Ingen andre stader i Noreg vart så hardt råka av tysk terror under andre verdskrigen som Telavåg. På Nordsjøfartmuseet i Telavåg blir den dramatiske historia til folket her ved havet fortalt.

Dei personlege forteljingane

Du vil få innblikk i unike historier frå kvinner, barn og menn som opplevde den største terrorhandlinga på norsk jord før 22. juli. Dei fortel om sjokk, sorg, frykt, arrestasjonar og korleis livet i fangenskap var. Du kan høyre om korleis det var då ungane vart skilde frå mødrene sine, og sjå eit stort utval av bilete frå fangetida til kvinnene og borna. De kan sjå nazistane sine eigne foto frå  arrestasjonane og  øydeleggjingane  av bygda, og lese vitneprovet til ein av dei tyske soldatane som deltok då bygda vart sett i brann. Du får tilgang til desse unike historiene via ulike bildespel.

Unike foto og gjenstandar

Du kan sjå nokre av dei du dei få gjenstandane som var igjen etter den øydeleggjinga av bygda. Desse vart funnen i brannruinane etter krigen. Du finn gjenstandar som vitnar om livet i fangenskap. Her er også gjenstandar som fortel om pågangsmot og vilje til å kome heim og byggje opp at bygda, som til dømes verkty mennene handla i Sverige, på vegen heim frå Sachsenhausen.

Audio-guide og film

Til utstillinga høyrer også ein audioguide. Her kan du få vete endå meir om historiene bak gjenstandane, høyre stemmene til dei som var her den gongen då, eller høyre nyinnspelinga av ein song som vart skriven til ein barnedåp der fire av ungane som vart fødde i fangenskap vart døypte. Til utstillinga høyrer ein film på 25 minutter, som set deg inn i bakgrunnen for Telavågtragedien.

Utstillinga passar for

 Utstillinga passar for alle, men eignar seg best for vaksne og ungdommar frå 12 år. Det er lagt til rette for rullestolbrukarar.

Fakta:

  • 26. april 1942: Skytedramaet i Telavåg. Skotveksling mellom Gestapo-offiserar og to norske Linge-agentar. To gestapooffiserar og ein norsk agent drepne.
  • 30. april 1942: Alle menn mellom 16 og 60 år i Telavåg arresterte
  • 1. mai 1942: Resten av befolkningen arresterte
  • Mai 1942: Telavåg jamna med jorda.

 

 

 

 

Nordsjøfartutstillinga

Under krigen var det dødsstraff for å krysse Nordsjøen. På Nordsjøfartmuseet  får du eit innblikk i liva til dei som trossa forbodet. 

Dei fleste flykta over til Storbritannia for å verve seg i dei allierte styrkane og mange risikerte livet for å frakte våpen, agentar og utstyr tilbake til motstandsrørsla i Noreg. Motstandskampen i Noreg var ikkje mogleg utan  desse hemmelege og farefulle operasjonane. I utstillinga  om Nordsjøfarten vil ein sjå at mange motstandsfolk langs kysten, mellom anna i Telavåg, risikerte mykje for å gjere den illegale nordsjøfarten mogleg. Ein vil også sjå at samarbeidet med Storbritannia var viktig fore motstandsarbeidet i Noreg.

Personlege forteljingar

Eit finmaska nett av motsandsfolk sørga for at ettersøkte nordmenn og ungdommar som ville verve seg kunne flykte til Storbritannia. I Nordsjøfartutstillinga kan du komme tett på folk som hadde ulike roller i denne trafikken. Du får dramatiske flukthistorier, du får innblikk i den enorme risikoen det kunne vere å trosse hav og nazistar. Du vil og få sjå at såkalla vanlege norske kvinner og menn gjorde ein uvurderlig, men lite tidlegare omtalt innsats i å organisere flukt og ta i mot båtar som kom frå Storbritannia.

Shetlandsgjengen

Det er eit stort fokus på Shetlandsgjengen, nokre av dei mest kjende frå Nordsjøfarten, som  i starten brukte fiskeskøyter til å frakte agentar og utstyr frå Shetland til Norskekysten. I utstillinga kan du vete meir om desse dramatiske operasjonane.

Unike bilete og gjenstandar

I utstillinga kan du sjå autentiske bilde frå folk på flukt, og få innblikk i dei dramatiske forteljingane deira. De kan mellom anna sjå nokre av Leif Larsen, Shetlands-Larsen, sine uniformer, våpen og ikkje minst medaljene hans. Leif Larsen er ein av dei høgst dekorerte allierte sjøoffiserane frå andre verdskrigen.

Bildespel og audioguide

Du får innblikk i dei ulike forteljingane gjennom ulike bildespel. Til utsillingane høyrer det også ein audio-guide, der ein kan få vete endå meir om gjenstandane og forteljingane knytt til dei. Filmen «Telavågtragedien», på 25 minutt viser korleis hendingane i Telavåg, var eit resultat av at Nordsjøfarten her vart oppdaga. Utstillinga passer for alle, men eignar seg best for vaksne og barn over 12 år.

 

Mobilapp som guide til Telavågtragedien

Last ned "Telavåg 1942" og la appen guide deg til de viktige stedene for hendingane i Telavåg under 2. verdskrigen.

 

 

  • Appen er tilgjengeleg for både iOS og Android
  • Fungerer på nettbrett og smarttelefon

 

SLIK FUNGERER APPEN

Appen nyttar GPS-funksjonen på smarttelefonen eller nettbrettet ditt for å vise deg veg til dei mest sentrale stadene for Telavågtragedien. Samtidig fortel den historier (film, bilder, lyd) som er relevant for stadene.

Blant dei unike historiene i appen er autentiske intervju med personar som opplevde dramaet på kroppen.

 

LAST NED

Har du ikkje hugsa å laste ned appen før du kjem til museet, kan du bruke vårt trådlause nett (wifi) for å gjere dette. Bruk av nettet er gratis.

 

 

Appen kan du laste ned i:

 

  • App Store (iOS)
  • Google Play (Android)

 

Lenke til applikasjonen på Google-Play (Android)

Lenke til applikasjonen for iOS i Apples iTunes 

 

 

Digitale museumsopplevingar

Museet legg ut bilete og informasjon frå samlingane våre på Digitalt Museum. Her kan du sjå nærare på gjenstandar som ikkje er utstilt, samt bla i fotosamlinga og finne digitale forteljingar.

Du finn samlinga her: Digital Museum

Vi produserer og film, video og podcastar. Videoane finn du på Museum Vest sin Youtube-kanal her: Nordsjøfartmuseet på Youtube. 

Museum Vest-podcasten finn du på Spotify og museumspodden.no.

Her finn du dei digitale forteljingane våre:

Barn og krig: Av uvisse og frykt

Barn og krig: Pakken

Barn og krig: Rasjoneringskortet og brevet

Barn og krig: Mamma sa så lite

 

Temporær utstilling

Gjesteutstillinga MOMENTUM, av Helle Brunvoll, opna 1.juni 2020. Utstillinga syner bilete frå eit steinbrudd i Vestfold. Eit landskap som berre eksisterer ei kort stund, eit moment. 

Om utstillinga si fortel Helle Brunvoll:
"Disse fotografiene ble til i steinbruddet Stålaker i Larvik. Bruddet henter ut Larvikitt, eller Labrador som steinen også kalles. Den blir brukt i ulike deler av steinindustrien. (...) Når man ikke kan hente ut mer stein til industri, blir bruddet fylt igjen med skrotstein av sikkerhetsmessige årsaker. Veggene i dette bruddet bærer spor av bor, jern og sagblad. Det oppstår et nytt landskap der linjer, farger og former danner en slags scenografi for opprinnelige landskapet. Bare dager etter at disse bildene ble fanget, ble bruddet fylt igjen, og eksisterer nå kun i kunstnerens minne og i hennes kunstverk, Momentum."
I golvet her på Nordsjøfartmuseet er det brukt stein frå Stålaker som dekorlinjer mellom skifersteinane. Denne larvikitten finnes berre i Norge, og heiter «Blue Pearl». På grunn av dei blå krystallane som kjem til syne etter sliping av denne vakre bergarten.
Helle Brunvoll f.1966 er født i Horten der ho bur og arbeidar. Ho uttrykkjer seg gjennom måleri, foto og steinskulptur. Fotoutstillinga på Nordsjøfartsmuseet er foto frå eit nedlagt steinbrot i Larvik. http://hellebrunvoll.no/ Helle har vore representert på bl. a. «Østlandsutstillingen» med desse bileta. Naturen er den største inspirasjonskjelda for henne. Utstillinga på Nordsjøfartmuseet, Museum Vest, er ei salsutstilling.

Ny film om tragedien i Telavåg

Kom og sjå den nye museumsfilmen "Tragedien i Telavåg". 

Tidsvitner frå Telavåg og Shetlandsgjengen fortel om hendingane som prega dei. Filmen er produsert i 2020 av Sanden Media AS i eit samarbeid med ein fagredaksjon ved Nordsjøfartmuseet.

Terror i Telavåg

Den 26. april 1942 fall skota som skulle endre skjebnen til bygda Talavåg. Gestaposjefen i Bergen, Gerhard Berns og ein underordna vart drepen i ei skotveksling med norske agentar. Dette fekk dramatiske følgjer for heile bygda.

Våren 1942 vart den vesle bygda, på øya Sotra, vest for Bergen  jamna med jorda. Alle hus vart sprengde og brende. Heile befolkninga på om lag 450 menneske, vart sendte i tysk fangenskap. Kvinner barn og eldre vart internerte i Noreg, den yngste var berre 12 veker – den eldste var 93 år. Dei fleste mennene mellom 16 og 60 år vart sendte til konsentrasjonsleirar i Tyskland. Av 78 arresterte menn døydde 32.

 

Englandsfart og Nordsjøfart frå Telavåg

Under andre verdskrigen flykta mange nordmenn frå Norskekysten over til Storbritannia i ulike båtar. Nokre av fiskebåtane vart sendte tilbake til Noreg med agentar, utstyr og våpen til motstandsrørsla. Omlag 50 ungdommar frå bygda drog vestover, i tillegg flykta over 100 andre personar via Telavåg. Her i bygda fanst folk som hjelpte dei som flykta og dei som kom over som agentar. Ein aprildag 1942 vart to agentar sette i land her. Dei skulle begge vidare på oppdrag andre stader. Dei to agentane, Emil Hvaal og Arne Værum, fekk losji hos Martha og Laurits Telle.

Oppdaga

25.april 1942 kom den norske statspolitimannen, Johan Bjørgan til Telavåg. Detaljane rundt kva som så skjedde er uvisst. Martha Telle fortel at han sa han var i fare og trengte hjelp til å kome seg over til England. Mannen som eigentleg var frå statspolitiet seier han hadde fått ei melding om at Laurits Telle hadde radio, dette ville han no sjekke.

Dei to Linge-agentane låg i dekning hos Martha og Laurits Telle då den norske statspolitimannen, Johan Bjørgan kom.

Bjørgan fekk nyss i at Martha og Laurits hadde folk i huset, han trudde det var englandsfararar. Han skunda seg derfor til lensmannsgarden på Fjell. Derifrå fekk han varsla leiaren for Statspolitiet i Bergen, som igjen varsla Gestapo om mistanken.

Skytedramaet

Tidleg sundagsmorgon 26.april 1942, gjekk gestaposjefen i Bergen i land i Telavåg med eit følgje på 3 frå Gestapo og 3 frå det norske statspolitiet. Dei sette kursen mot huset til Laurits og Martha Telle. Gestapofolka var neppe budde på at folka på loftet var trente Linge-agentar som var komne frå England, og ikkje englandsfararar.  I trefninga som følgde vart den eine norske agenten, Arne Værum  og to av tyskarane drepne. Då skota hadde stilna  var tre menn daude, og ein var svært hardt såra. Linge-agenten Arne Værum mista livet og den andre agenten Emil Hvaal var så hardt skada at ingen trudde han ville overleve. Gestaposjefen Gerhard Berns og hans underordna, Henry Bertam døydde. 

Arrestasjonane og fangenskap

Mennene

Om kvelden same dagen som skytinga fann stad, søndag 26. april, og dei påfølgjande dagane vart fleire frå bygda arresterte og sendte til Bergen. Mellom andre huslyden til Laurits Telle og andre menn som hadde søner som hadde dratt til England. 30.april 1942 vart dei mennene mellom 16 og 60 år som var att i bygda, arresterte og sende vekk. Desse var no plasserte på Sandviken skole i Bergen. Lagnaden til mennene er litt ulik herifrå. Mange av dei som hadde vore arresterte tidlegare i veka satt i Bergen Kretsfengsel, nokre av dei som var på Sanviken Skole hamna i kretsfengselet etter avhøyr.21.  mai vart dei fleste sendte vidare til fangeleiren Grini utanfor Oslo. Men nokre vart sendt til fangeleiren Ulven, i Os utanfor Bergen. Desse blei også sendte til Grini etter kvart. Dei fleste i den første pulja som vart sendt til Grini, vart allereie 27. mai, sendte vidare til Konsentrasjonsleiren Sachsenhausen utanfor Berlin. I september 1942 vart ei lita gruppe frå Telavåg sende frå Grini til Sachsenhausen. To vart sende frå Grini til Bardufoss. Andre vart verande på Grini, mellom dei var Josef Øvretveit, Laurits og sonen Lars Telle. Lars Telle vart dømd til døden i oktober 1943, og avretta som den einaste av mennene frå Telavåg 31 menn frå Telavåg døydde i tyske konsentrasjonsleirar.  Dei var alle innom Sachsenhausen, men nokre av dei blei forflytta til andre leirar og døydde der. Sju menn frå Telavåg vart karakterisert som NN-fangar. Ein Nacht und Nebel-fange skulle berre forsvinne. Dei fleste som døydde gjorde det i løpet av hausten og vinteren 1942. Frå årsskiftet 1942/143 fekk fangane ta i mot såkalla raudekors-pakkar. Her kunne familien sende litt klede og litt mat. Truleg sørgde dette for at ikkje endå fleire som døydde.

Heim igjen

På vegne av den svenske raudekrossen forhandla Grev Folke Bernadotte seg fram til ein avtale med tyskarane om å få hente ut norske og danske fangar frå tyske konsentrasjonsleirar. Såleis starta heimturen for Telavågfangane 16.mars 1945. Dei reiste gjennom Tyskland, Danmark, Sverige og kunne gå av toget i Bergen 29. mai 1945.

Kvinner, barn og eldre i fangenskap

1.mai 1942, dagen etter at mennene var sende bort, vart alle som var igjen i Telavåg arresterte og samla i ungdomshuset. Om lag 270 store og små vart stua inn her. Men det var ikkje plass til alle, så mange av nausta i nærleiken vart og nytta. Dei hadde fått ein liten time på seg til å pakke. Men det var ikkje så lett å få med seg så mykje, når mennene var borte, ungane var mange og nokre av dei svært små. Av dei eldre var det fleire som ikkje hadde vore ute av senga på lang tid. Uvissa var stor, dei  visste kva som skulle skje vidare. Dagen etter vart dei plasserte i båtar og sende vekk frå Telavåg. På natta vart båtane liggjande i ro ved Marsteinen, dette skapte endå større uvisse og frykt. Det gjekk rykte om at dei skulle søkkjast. Men tidleg morgonen etter vart dei sette i land i Bergen. Her stod det bussar frå raudekrossen og venta på å frakte dei vidare til Storetveit Skole. Her hadde raudekrossen ansvaret for forpleininga av fangane. Men tyskarane sytte for vakthaldet. Framleis visste ikkje folk her kva som skulle skje med dei. Det gjekk rykte om at tyskarane ville sende dei “austover”. Samstundes vart det arbeidd med ei anna interneringsløysing på Vestlandet enn Storetveit. Etter nokre veker blei dei eldre sendt til Framnes Ungdomsskule i Hardanger.

Nokre veker etter dette fekk alle kvinner og barn under seks år beskjed om at dei og skulle flyttast til Framnes, mens barna som var over 6 år skulle bli igjen på Storetveit. Det var hjarteskjerande scener den dagen familiane frå Telavåg vart splitta opp. I dag har vi funne dokumentasjon som fortel at tyskarane forsøkte å plassere barna over 6 år i barneheimar på Austlandet. Men brått oppstod det difteri leiren på Storetveit. Dette berga truleg barna frå bortsending. Tyskarane var ikkje vaksinerte og frykta nok denne sjukdommen. Frå no av fekk norsk politi overta vakthaldet. Og etter to månader, fekk barna over 6 år komme til mødrene og slektningane sine på Framnes.

Fangane frå Telavåg held fram at dei hadde det godt på Framnes. Men dei tristaste stundene fekk dei og oppleve her, då dødsbodskapa frå Tyskland byrja å strøyme på. Sorga over dei dei mista og frykta for nye dødsbodskap prega tida på Framnes. 17. mai 1944 fekk fangane frå Telavåg beskjed om at dei skulle settast fri. Det vart byrjinga på eit tungt å. Mange har hevda at dette var det tyngste krigsåret. Telavåg var avstengd og  nedbrendt, dei hadde ingenting og måtte bu hos vener og slektningar.

Konrad Birkhaug podkast

Episode frå Museum Vest-podden: Høyr historia om Konrad Birkhaug: lege, mikrobiolog og redningsmann (1892-1980). Birkhaug var ein viktig person i etterspelet av øydelegginga av Telavåg. Han organiserte hjelpearbeidet for fangane på Storetveit og Framnes, og lurte tyskarane til å skrinlegge planane om å skilje barn og mødrer. Men og før krigen var han til stade i viktige vendepunkt i 1900-talets historie. Han var sanitetsarbeidar i Russland under 1. verdskrig, utvikla serum mot rosen i 20-åra og deltok i arbeidet med å utvikle tuberkulosevaksinar i 30-åra. Han fekk til og med eit måleri utstilt på kunstakademiet i Paris.
Episoden finn du på Museumspodden.

Konrad Elias Birkhaug (1892 – 1980) vart fødd i Bergen og vaks opp i arbeidarklassa i Sandviken, som nummer seks av ti søsken. Det var forventa at han skulle gå i lære som skomakar, men Konrad skaffa seg i staden stilling som assistent ved Bergen kommunale sjukehus. Der vart han svært interessert i medisin. Vegen til utdanning var stengd for ein fattiggut frå Sandviken, men Birkhaug fekk hjelp av ein bror i USA til å emigrere. I USA klarte han å få hjelp til å finansiere medisinstudiet ved Johns Hopkins University. Der utdanna han seg etter kvart til bakteriolog, men studiet vart avbrote av den første verdskrigen. Birkhaug melde seg frivillig til velferdstroppane, i regi av YMCA. Han vart send til St. Petersburg i Russland, men under revolusjonen vart han arrestert og utvist via Murmansk. Etter freden vart han send til Verdun i Frankrike, der arbeidde han med krigsfangar frå det russiske tsarriket. For dette arbeidet vart han dekorert med Medaille de la Reconnaissance de Franaçaise – den franske takkemedaljen.

Tilbake i USA fullførde han utdanninga, og starta med forsking i mikrobiologi. I 1927 vart han berømt for å ha framstilt det første verksame antiserum mot rosen (erysipelas). Seinare arbeidde han tre år ved Institut Pasteur i Paris hos Albert Calmette som utvikla BCG-vaksinen. Birkhaug tok initiativ til å framstille BCG-vaksine i Noreg, og starta opp produksjonen i eigne laboratorium ved Chr. Michelsens Institutt i Bergen i 1937.  

Under den andre verdskrigen var han leiar av Raude Krossen på Vestlandet. I dei siste yrkesåra hans leia han tuberkulose-arbeidet i staten New York, men flytta som pensjonist tilbake til Bergen i 1953. I dag vert han regna som ein av pionerane i europeisk og amerikansk tuberkuloseforsking.

Konrad Birkhaug og Telavågfolket

Som leiar av Raude Krossen på Vestlandet vart Birkhaug tidleg involvert i skjebnen til Telavågfolket, og var med å organisere opphaldet ved Storetveit skule. Han hadde ein sterk personlegdom, og kunne ha ein framferd som både var hissig og teatralsk. Dette viste seg å vere effektivt i kontakten med dei tyske fangevaktarane, som fekk ei viss respekt for den skarpe og bestemde Birkhaug sin autoritet. Slik kunne han få arbeide tett og relativt uforstyrra med Telavågfolket.

Under fangenskapen på Storetveit skule la tyskarane planer om å skilje born og mødrer, og sende borna til barneheimar i Sør-Noreg som «foreldrelause». Men rykta gjekk om at dei kanskje skulle sendast til Tyskland. Birkhaug bestemde seg for å motarbeide denne planen ved å spille eit høgt spel. På laboratoriet sitt hadde han difteribasillar, og desse brukte han i løyndom til å pode inn difteri i svelget på allereie immune pasientar. Då han seinare tok bakterieprøver av dei same pasientane, under strengt oppsyn av dei tyske vaktene, viste prøvene seg positive for difteri. Dette var dristige og svært farlege handlingar av Konrad Birkhaug. Reint medisinsk-etisk var han på tynn is, men han meinte truleg at borna sin lagnad vog tyngre enn faglege omsyn. Samstundes sette han seg sjølv og heile sitt medisinske personale i stor fare for represaliar frå tyskarane. Om han vart oppdaga kunne han forvente straff, anten konsentrasjonsleir eller avretting. Men vågestykket lukkast. Den tyske Vernemakta oppdaga aldri Birkhaugs list. Dei var svært engstelege for smittsame sjukdomar, og det fiktive difteriutbrotet forpurra planane om å sende borna bort. I staden fekk dei møte mødrene sine att på Framnes i Hardanger.

Birkhaug har i tillegg til forskinga også etterlate seg ein kunstnarisk og litterær arv. Birkhaug var sjølvlært som fotograf, men bileta hans viser eit svært godt auge for komposisjon, og ein evne til å fange sterke augneblikk. Fotografia som er presenterte her, er del av ei samling som vart tatt i perioden Telavågfolket vart halde fanga på Storetveit skule i Bergen og på Framnes ungdomsskule i Hardanger. På Storetveit var dei under strengt, tysk vakthald. Birkhaug var til stades og sørga for å dokumentere det som skjedde fotografisk. Vi kjenner ikkje til korleis det tyske tryggingspolitiet forheldt seg til Birkhaugs fotografering, men vi merker oss at det ikkje finst tyskarar i uniform på nokon av bileta i samlinga. I ein biletserie ser vi tydeleg at fotografen tek bilete i skjul frå eit vindauge. Andre bilete er meir oppstilte, med smilande motiv. Dette kan tyde at Birkhaugs fotografering somme stunder vart tolerert, men at han likevel følte behov for å fotografere i smug i enkelte situasjonar.