Nordsjøfartmuseet opna ei ny utstilling i høve 25-årsjubileet til museet i april 2023.
Utstillinga Livet i eksil handlar om nordmenn som flykta frå heimlandet under krigen og korleis dei opplevde eit nytt tilvære som krigarar i eksil.
Tusenvis av nordmenn gjorde teneste utanfor Norge under krigen. Om lag 3500 av dei flykta over Nordsjøen i løpet av dei første to åra av okkupasjonen.
Det var mange grunnar til å flykte. Felles for alle var uvissa om kva som venta. Steget over i båten var på same tid eit kutt som splitta banda til heimen. Det fantes ikkje ordinær postgang, telefonar eller telegraf over Nordsjøen. Ingen kunne vite akkurat kva som venta på den andre sida, eller når ein fekk komme heim igjen. Og mange kom aldri heim igjen.
Alle som flykta vart innlemma i den norske eksilstaten sin innsats i krigen, anten som soldatar eller som sivilt personell i støttefunksjonar. Nordmenn i eksil tenestegjorde i dei fleste delar av verda, som Amerika, Atlanterhavet, Stillehavet, Storbritannia og Europa. For mange var dette ei tid fylt av spenning og meistring, men det var òg farar, saknad, brutalitet og traume. Nokon blomstra i slike tilhøve, andre lengta mest heim.
Utstillinga inneheld bilete, gjenstandar og opplevingar frå fleire sider av eksiltilværet, både det militære og det sivile, frå barn og vaksne, kvinner og menn.