Nordsjøfartutstillinga

Under krigen var det dødsstraff for å krysse Nordsjøen. På Nordsjøfartmuseet  får du eit innblikk i liva til dei som trossa forbodet. 

Dei fleste flykta over til Storbritannia for å verve seg i dei allierte styrkane og mange risikerte livet for å frakte våpen, agentar og utstyr tilbake til motstandsrørsla i Noreg. Motstandskampen i Noreg var ikkje mogleg utan  desse hemmelege og farefulle operasjonane. I utstillinga  om Nordsjøfarten vil ein sjå at mange motstandsfolk langs kysten, mellom anna i Telavåg, risikerte mykje for å gjere den illegale nordsjøfarten mogleg. Ein vil også sjå at samarbeidet med Storbritannia var viktig fore motstandsarbeidet i Noreg.

Personlege forteljingar

Eit finmaska nett av motsandsfolk sørga for at ettersøkte nordmenn og ungdommar som ville verve seg kunne flykte til Storbritannia. I Nordsjøfartutstillinga kan du komme tett på folk som hadde ulike roller i denne trafikken. Du får dramatiske flukthistorier, du får innblikk i den enorme risikoen det kunne vere å trosse hav og nazistar. Du vil og få sjå at såkalla vanlege norske kvinner og menn gjorde ein uvurderlig, men lite tidlegare omtalt innsats i å organisere flukt og ta i mot båtar som kom frå Storbritannia.

Shetlandsgjengen

Det er eit stort fokus på Shetlandsgjengen, nokre av dei mest kjende frå Nordsjøfarten, som  i starten brukte fiskeskøyter til å frakte agentar og utstyr frå Shetland til Norskekysten. I utstillinga kan du vete meir om desse dramatiske operasjonane.

Unike bilete og gjenstandar

I utstillinga kan du sjå autentiske bilde frå folk på flukt, og få innblikk i dei dramatiske forteljingane deira. De kan mellom anna sjå nokre av Leif Larsen, Shetlands-Larsen, sine uniformer, våpen og ikkje minst medaljene hans. Leif Larsen er ein av dei høgst dekorerte allierte sjøoffiserane frå andre verdskrigen.

Bildespel og audioguide

Du får innblikk i dei ulike forteljingane gjennom ulike bildespel. Til utsillingane høyrer det også ein audio-guide, der ein kan få vete endå meir om gjenstandane og forteljingane knytt til dei. Filmen «Telavågtragedien», på 25 minutt viser korleis hendingane i Telavåg, var eit resultat av at Nordsjøfarten her vart oppdaga. Utstillinga passer for alle, men eignar seg best for vaksne og barn over 12 år.