Konrad Birkhaug podkast

Episode frå Museum Vest-podden: Høyr historia om Konrad Birkhaug: lege, mikrobiolog og redningsmann (1892-1980). Birkhaug var ein viktig person i etterspelet av øydelegginga av Telavåg. Han organiserte hjelpearbeidet for fangane på Storetveit og Framnes, og lurte tyskarane til å skrinlegge planane om å skilje barn og mødrer. Men og før krigen var han til stade i viktige vendepunkt i 1900-talets historie. Han var sanitetsarbeidar i Russland under 1. verdskrig, utvikla serum mot rosen i 20-åra og deltok i arbeidet med å utvikle tuberkulosevaksinar i 30-åra. Han fekk til og med eit måleri utstilt på kunstakademiet i Paris.
Episoden finn du på Museumspodden.

Konrad Elias Birkhaug (1892 – 1980) vart fødd i Bergen og vaks opp i arbeidarklassa i Sandviken, som nummer seks av ti søsken. Det var forventa at han skulle gå i lære som skomakar, men Konrad skaffa seg i staden stilling som assistent ved Bergen kommunale sjukehus. Der vart han svært interessert i medisin. Vegen til utdanning var stengd for ein fattiggut frå Sandviken, men Birkhaug fekk hjelp av ein bror i USA til å emigrere. I USA klarte han å få hjelp til å finansiere medisinstudiet ved Johns Hopkins University. Der utdanna han seg etter kvart til bakteriolog, men studiet vart avbrote av den første verdskrigen. Birkhaug melde seg frivillig til velferdstroppane, i regi av YMCA. Han vart send til St. Petersburg i Russland, men under revolusjonen vart han arrestert og utvist via Murmansk. Etter freden vart han send til Verdun i Frankrike, der arbeidde han med krigsfangar frå det russiske tsarriket. For dette arbeidet vart han dekorert med Medaille de la Reconnaissance de Franaçaise – den franske takkemedaljen.

Tilbake i USA fullførde han utdanninga, og starta med forsking i mikrobiologi. I 1927 vart han berømt for å ha framstilt det første verksame antiserum mot rosen (erysipelas). Seinare arbeidde han tre år ved Institut Pasteur i Paris hos Albert Calmette som utvikla BCG-vaksinen. Birkhaug tok initiativ til å framstille BCG-vaksine i Noreg, og starta opp produksjonen i eigne laboratorium ved Chr. Michelsens Institutt i Bergen i 1937.  

Under den andre verdskrigen var han leiar av Raude Krossen på Vestlandet. I dei siste yrkesåra hans leia han tuberkulose-arbeidet i staten New York, men flytta som pensjonist tilbake til Bergen i 1953. I dag vert han regna som ein av pionerane i europeisk og amerikansk tuberkuloseforsking.

Konrad Birkhaug og Telavågfolket

Som leiar av Raude Krossen på Vestlandet vart Birkhaug tidleg involvert i skjebnen til Telavågfolket, og var med å organisere opphaldet ved Storetveit skule. Han hadde ein sterk personlegdom, og kunne ha ein framferd som både var hissig og teatralsk. Dette viste seg å vere effektivt i kontakten med dei tyske fangevaktarane, som fekk ei viss respekt for den skarpe og bestemde Birkhaug sin autoritet. Slik kunne han få arbeide tett og relativt uforstyrra med Telavågfolket.

Under fangenskapen på Storetveit skule la tyskarane planer om å skilje born og mødrer, og sende borna til barneheimar i Sør-Noreg som «foreldrelause». Men rykta gjekk om at dei kanskje skulle sendast til Tyskland. Birkhaug bestemde seg for å motarbeide denne planen ved å spille eit høgt spel. På laboratoriet sitt hadde han difteribasillar, og desse brukte han i løyndom til å pode inn difteri i svelget på allereie immune pasientar. Då han seinare tok bakterieprøver av dei same pasientane, under strengt oppsyn av dei tyske vaktene, viste prøvene seg positive for difteri. Dette var dristige og svært farlege handlingar av Konrad Birkhaug. Reint medisinsk-etisk var han på tynn is, men han meinte truleg at borna sin lagnad vog tyngre enn faglege omsyn. Samstundes sette han seg sjølv og heile sitt medisinske personale i stor fare for represaliar frå tyskarane. Om han vart oppdaga kunne han forvente straff, anten konsentrasjonsleir eller avretting. Men vågestykket lukkast. Den tyske Vernemakta oppdaga aldri Birkhaugs list. Dei var svært engstelege for smittsame sjukdomar, og det fiktive difteriutbrotet forpurra planane om å sende borna bort. I staden fekk dei møte mødrene sine att på Framnes i Hardanger.

Birkhaug har i tillegg til forskinga også etterlate seg ein kunstnarisk og litterær arv. Birkhaug var sjølvlært som fotograf, men bileta hans viser eit svært godt auge for komposisjon, og ein evne til å fange sterke augneblikk. Fotografia som er presenterte her, er del av ei samling som vart tatt i perioden Telavågfolket vart halde fanga på Storetveit skule i Bergen og på Framnes ungdomsskule i Hardanger. På Storetveit var dei under strengt, tysk vakthald. Birkhaug var til stades og sørga for å dokumentere det som skjedde fotografisk. Vi kjenner ikkje til korleis det tyske tryggingspolitiet forheldt seg til Birkhaugs fotografering, men vi merker oss at det ikkje finst tyskarar i uniform på nokon av bileta i samlinga. I ein biletserie ser vi tydeleg at fotografen tek bilete i skjul frå eit vindauge. Andre bilete er meir oppstilte, med smilande motiv. Dette kan tyde at Birkhaugs fotografering somme stunder vart tolerert, men at han likevel følte behov for å fotografere i smug i enkelte situasjonar.