Temporær fotoutstilling av Håvard Bjelland: "Gi meg heller livet"

Gi meg heller livet 

Ein dokumentar om soldatveteranar i Norge.

Over hundre tusen norske soldater har vore i utanlandsteneste etter andre verdskrigen. Når oppdraget i Afghanistan vert avslutta, vil Norges siste store krigsinnsats etterlate nærare ti tusen nye norske krigsveteranar. Heimkomsten frå konfliktområda har for mange vore starten på ein personleg kamp. Ein kamp dei ikkje har vore førebudde på. Dei kjempar for å finne tilbake til eit vanleg liv, mot vonde minne og mot eit samfunn som ikkje forstår. Dei kjempar for å bli høyrde og respekterte. Gi meg heller livet er ein usminka og nær dokumentasjon av 13 norske soldatveteranar sin kvardag.