Hopp til hovedinnhold

Utstilling: "Kjære alle saman!"

I sju år har Erlend Berge fotografert talarstolar over det ganske land. Her finns 17. mai-pynta ungdomshus, pressekonferansar, politiske landsmøte og gløymde talarstolar. Frode Grytten har late seg inspirere av desse bileta. Resultatet er dikt og prosa som med vidd og alvor, refsar og kommenterer ytringsklimaet i samtida.

  • 1/1
    Nordsjøfartmuseet/Museum Vest

Frå oktober til mai viser Nordsjøfartmuseet utstillinga "Kjære alle saman", kor fotograf Erlend Berge viser ulike talarstolar frå heile Norge. Frode Grytten står for tekstane i utstillinga. Utstillinga byggjer på boka med same navn, utgjeven i 2024. 

  • 1/1
    Nordsjøfartmuseet/Museum Vest

Nordsjøfartmuseet har óg ein talarstol, som gjer eit midlertidig opprykk til kategorien museumsgjenstand, så lenge utstillinga visast.