Hopp til hovedinnhold

Livet i eksil

Tusenvis av nordmenn tilbrakte mesteparten av den andre verdskrig i eksil. Kongefamilien, Nygårdsvoll-regjeringa og Kompani Linge er dei mest berømte, men dei fleste levde langt meir anonyme tilvære i utlandet. Utstillinga tek for seg korleis det norske flyktningetilværet kunne arte seg for dei som tok seg over Nordsjøen til Shetland. Korleis var overfarten, kordan var mottakinga på framand jord, og korleis blei den nye kvardagen organisert for dei norske flyktningane?

  • Ein familie drikker te i ei stue i London under krigen. Seks personar, ein mann tre kvinner og to jenter. Eit lite, norsk flagg i bakgrunnen.
    1/1
    Teselskap i London. Ein norsk flyktningfamilie i sin nye heim i London. Dei har fått engelske vanar, men det norske flagget var på plass hos Bernt og Samulene Larsen.
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 2