Hopp til hovedinnhold

Boklansering "Krigens fargar" av Vivian Midttveit

  • 1/1

Velkommen til lansering av Vivian Midttveit si nye bok:
Krigens fargar - levande historier frå hemnaksjonen på Telavåg. Vivian er sjølv frå Telavåg, og ho undra seg over kvifor ho ikkje hadde vore meir engasjert i sin heimstad si unike historie då ho vaks opp. Ho kom fram til at dei nære, personlege historiene hadde vore sjeldne, og tok til å samle menneskas eigne historier, for so å skrive dei ut som levande scenar.
Alle historiene i boka er henta ut av den historiske konteksten til bygda, og basert på sanne opplevingar. Men meir enn eit historisk prosjekt er dette altså eit kunstnarisk prosjekt, bygd på historiske hendingar. Du er hjarteleg velkommen til å komma og høyre henne fortelje om prosjektet og lese frå boka denne fine vårkvelden.
Vivian Steinsland vil bidra med song og musikk.
Sjølve presentasjonen tek ca. ein time, men det er god tid til å snakke både med forfattar og kvarandre etterpå.
Kafeen er open både før og etter. Velkomne

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 2