Hopp til hovedinnhold

Historie

  • Silje Katrine Robinson / Stiftelsen Museum Vest

Under andre verdskrigen blei bygda Telavåg utsletta av den tyske okkupasjonsmakta og alle innbyggjarane blei evakuerte. Mennene blei sende til tyske konsentrasjonsleirar der 31 døydde, medan kvinnene, borna og dei eldre blei internerte i Noreg.

Telavåg var såleis den bygda i Norge som blei hardast ramma av den tyske okkupasjonsmakta. Likevel fekk ikkje denne dramatiske krigshistoria mykje merksemd før om lag 40 år etter krigen. Historia til Nordsjøfartmuseet er heller ikkje meir enn rundt 20 år gamal. 

I 1988 opna ei krigsminnesamling i eit naust i Telavåg. Denne var eit kommunalt initiativ, men mykje av innsamlings- og utstillingsarbeidet blei gjort av lokale krefter i Telavåg. Besøkstala på krigsminnesamlinga var såpass høge at Sund kommune og Hordaland fylkeskommune allereie året etter opninga sette i gang eit utgreiingsarbeid for å få opna eit museum i Telavåg.

I april 1998 opna Nordsjøfartmuseet. Krigsminnesamlinga fokuserte i størst grad på krigstragedien i Telavåg sett frå ein lokal synsvinkel, men med Nordsjøfartmuseet blei perspektivet utvida. Krigshendingane i Telavåg blei med dette sett inn i ein større samanheng, både i høve til den andre verdskrigen generelt og i høve til samtidige konfliktar verda over. Som namnet skulle tilseie sette også Nordsjøfartmuseet fokus på Nordsjøfarten, den illegale trafikken mellom Norge og Storbritannia under andre verdskrigen. 

Museum24:Portal - 2024.05.16
Grunnstilsett-versjon: 2