Hopp til hovedinnhold

Englandsfart og Nordsjøfart under 2. verdskrigen

Mange flykta over Nordsjøen på sivile fartøy, til dømes fiskebåtar. Dette kallar vi englandsfart. Omgrepet englandsfarar kjem av at dei sa dei skulle til England, sjølv om dei fleste fekk landkjenning med andre stader i Storbritannia først.

Ein håpa på å frigjere det okkuperte Noreg i samarbeid med vår viktigaste allierte, Storbritannia. Trente agentar, våpen og utstyr vart sende tilbake over Nordsjøen til motstandsrørsla i Noreg. Mellom anna ved hjelp av fiskarar og fiskeskøyter. Tilbake til Storbritannia hadde dei ofte med seg flyktningar. Denne trafikken, saman med Englandsfarten kallar vi Nordsjøfarten.

Fiskeskøyter i krig

Allereie i 1940 planla den hemmelege britiske etterretninga (SIS), å bruke fiskeskøyter i militære operasjonar.  Ei anna nyoppretta etterretningsavdeling (SOE) nytta også fiskeskøyter og oppretta ein base på Shetland til dette føremålet. Etter kvart fann ein det nyttig å skilje SIS og SOE sine operasjonar, derfor vart det oppretta ein base på Peterhead for SIS-opersjonar medan SOE-operasjonane fortsette frå Shetland. Dei som var knytta til desse operasjonane frå Shetland vart etter kvart kalla Shetlandsgjengen.

Operasjonane med fiskebåtar var farefulle, tapa av materiell og menneskeliv vart etter kvart store. Men den illegale trafikken frå Shetland over Nordsjøen vart tryggare frå 1943, då fiskebåtane vart erstatta av tre ubåtjagarar. Men frå Peterhead fortsette dei å bruke fiskeskøyter.

Også andre marinefartøy som MTB-ar deltok i operasjonane mot Noreg. Ofte var operasjonane samansette. Fly og ubåtar vart også nytta i å frakte utstyr og personell frå Storbritannia til Noreg.

Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 2