- 1/1
Havstrilen
Føreord frå denne utgåva
Dette er jubileumsutgåva av den kulturhistoriske årboka Havstrilen. I heile 25 år har vi hatt gleda av å gje ut dette heftet, og her finn du mange gode artiklar med fine bilete og illustrasjonar.
I år markerer vi at det er zoo år sidan den norske utvandringa til Amerika begynte. Kenneth Bratland har skrive om Bothilda Johannesdotter Ågotnes, Tilla Thompson, som ho kalla seg i USA. Ho utvandra frå Fjell 4. mai 1881.
Ein annan vidfaren person var Nils Johan Telle, sjarmøren som ville sjå verda. Tore Nord- vik har ei livleg framstilling om denne slektningen.
Den andre verdskrigen er representert med to artiklar. I «Den glemte tragedien» skriv Torstein Saksvik om eit flymannskap som aldri kom heim att etter å ha delteke i eit av dei store bombeåtaka på Bergen hamn hausten 1944.
Vi held fram med serien om minnestøtter over falne i verdskrigen i Øygarden. Minnestøtta ved Fjell kyrkje av Lennart Fjell er den andre artikkelen i serien.
Karen Oliva Solheimslid fortel om korleis samfunnsforskaren og teologen Eilert Sundt presenterte problemet med drukning rundt midten av 185o-talet. Han fokuserte på Nord-Vest- landet og Nord-Noreg, men dette problemet var reelt for heile kystbefolkninga, også her i Øygarden.
Gudveig Lillebø fortel livshistoria til sjømannen Kjell Kolltveit, korleis det var å ha havet som arbeidsplass mykje av livet.
Helge Jensen har skrive om ein meir lokal bruk av sjøen, om kappseglas på Hjeltefjorden.
Bedehuset var tidlegare ei viktig ramme rundt kulturen her i Øygarden. Lajla Blom skildrar dette på ein levande måte. Mange hadde tru og meining om fisket i gammal tid. Magne Blom fortel at heilt ut på 1900- talet fanst det eit løyndespråk som vart nytta i all verksemd knytt til fangst og fiske, og han tek med fleire døme på det.
Jarle Sælensminde fortel om ein storkval som vart fanga ved Buarøyna 1918. Korleis dette gjekk føre seg, kjem tram i skildringar frå to som var med: Leif Sedal på 14 år og 42-årige Johannes Lerøy; dei hadde nokså ulike observasjonar.
Brynhild Enerhaug skriv om livet ved Raunefjorden. Her budde den talrike slekta til familin hennar, men i dag er bruket fråflytt.
Norvald Holland har funne opplysningar om den vanskelege starten for det frørste ruteselskapet i nordre Øygarden, Hjelme og Herlø Dampskibsselskab, og om eit forlis som berga økonomien til selskapet.
Det kan vera interessant ă jakta på fortida under jorda. Lennart Fjell tek for seg detektorsøk i Øygarden. Ole Morten Skålevik og han har i mange år leita etter skattar.
Det nærmar seg jul, og då passar det med eit nostalgisk tilbakeblikk på juleminne frå Tjeldstømarka på 1950-ta1et. Annbjørg Sæle har skrive denne artikkelen.
Redaksjonen takkar alle bidragsytarane. Ei særskild takk går til formgjevar Jan Hanchen Michelsen og språkvaskar Åshild Nordstrand for svært godt arbeid— som alltid. Vi vil òg takka lokale næringsaktørar og sogelaga for økonomisk støtte til utgjevinga.
God lesing!
Redaksjonen
- 1/1
Havstrilen