Ukraina må “de-nazifiserast". Russisk kultur og språk er under angrep, ukrainske soldater drep russiske barn fordi dei er russiske og Vesten og Nato står klare til å invadere Russland.
Russland tar i bruk sterk andre verdskrig-retorikk for å legitimere den ulovlege og blodige krigen i Ukraina.
Korleis ser dette ut i praksis?
Amund Trellevik er journalist i det internasjonale journalistkooperativet Investigate Europe og har i mange år budd og arbeidd i Russland. Han har blant anna inngående kjennskap til det norsk-russiske samarbeidet i nord der den felles krigshistoria står sterkt.
Ved å referere til andre verdsskrig, speler Russland på djupe kjensler av nasjonal storheit og offarmentalitet. Minna om den sovjetiske sigeren over Nazi-Tyskland i 1945 vert nytta til å mobilisere patriotisme og støtte for krigen, og dette har gjenklang særleg blant eldre som framleis hugsar krigens kostnad.
På Nordsjøfartmuseet vil Trellevik fortelje korleis det russiske regimet i mange år før invasjonen har hjernevaska eigen befolkning til å tru at landet er omringa av fiendar. Bruk av referanser til sigeren over Nazi-Tyskland i Den andre verdskrigen går som ein raud tråd frå barnehage til eldresenter. Og gjennomsyrer i dag det russiske samfunnet fullstendig, eit samfunn som er gjennom-militarisert, der krig, offer og død vert dyrka som heltemot.
Tid: 1. oktober klokka 18:30
Stad: Nordsjøfartmuseet
Det vert høve til å stille spørsmål.
Vel møtt