I januar og februar 2025 vil elevar frå Sund ungdomsskule arbeide med tema knytta til krig, konflikt og flukt. Nordsjøfartmuseet er involvert som fagleg partner, og elevane vil bruke museet si historie og tilbod i arbeidet sitt.
I samarbeid med Sogelaget i Sund har ein fått finansiering til at heile trinnet får sjå kinofilmen "Lengsel etter nåtid" (2023, Knut Erik Jensen reg.) på Odeon kino. Den handler om nedbrenninga av Finnmark, og blir knytta til hendingane i Telavåg under krigen.
I februar avsluttast prosjektet med ein visningskveld for elevar og føresatte på Nordsjøfartmuseet. Der vil elevane presentere resultata av arbeidet sitt.